«Truverdig», «Godt fagleg», «Høgdepunktet i veka.» Dette var nokre av dei gilde tilbakemeldingane Bondevennen fekk då me mot slutten av fjoråret gjennomførte ei undersøking blant lesarane våre. Målet for undersøkinga var å læra meir om kven de er, korleis de brukar bladet og kva de ynskjer å lesa.

Undersøkinga gav oss i redaksjonen nyttig innsikt som me vil nytta for å laga eit endå betre blad. Den gjennomsnittlege Bondevennen-lesaren viser seg å vera ein godt vaksen mann i Rogaland, bonde eller pensjonert gardbrukar, han har halde bladet i over ti år – og han er godt nøgd med det han les. Samstundes kom det også fram at Bondevennen stort sett blir lest av to-tre medlemmar av kvar husstand, altså ektefeller og barn. Redaksjonen har dette klart in mente når me planlegg utgåvene våre. Bladet skal innehalda noko av interesse for ein kvar på garden. Frå Telemark til Sunnmøre.

Bondevennen er ein kultur-og tradisjonsbærar, og eit generasjonsprosjekt. I 119 år, sidan 1898, har bladet vore del av bondens liv. Opplaget varierer med talet på norske bønder, eit tal me veit går ned, diverre.

Bladet vårt er ikkje, og skal ikkje vera, som andre publikasjonar. «Bondevennen må ikkje prøva å bli noko det ikkje er», var det ein som svarte. Og nei, vårt mål er ikkje å veksa inn i himmelen for ein kvar pris. Vårt mål er å vera ein relevant og fagleg kveik for dei som står i og på for det norske landbruket. Eit felles referansepunkt for kunnskapstørste og stolte bønder i vest.

Så godt som alle lesarane våre, uansett alder, vil ha bladet i papirform i postkassa. Utanforståande vil kanskje hevda dette er gamaldags og sidrumpa. Ikkje me i Bondevennen, tvert om. I ei tid der stadig meir skal digitaliserast, effektiviserast og tilfredsstillast på augneblenken, helst utan menneskelege mellomledd, ligg det ei gneist av motkultur og radikalisme i ønsket om å halda på den langsame tida – på papiret, postmannen og turen ned til postkassa. Bondevennen skal vidareutviklast på nett og sosiale medier, men ikkje på kostnad av papirversjonen.

I 2017 held me fram den solide dekkinga av fagstoff, analysar av viktige utviklingstrekk i landbruket heime og ute, samt gardsreportasjane – «flaggskipet» til Bondevennen.

Al frå denne første utgåva vil de i tillegg legga merke til nokre nyskapingar i bladet. I spalta «Mi meining» let me meiningsbærande stemmar koma til orde om aktuelle tema. Til Bv-loggen har me samla eit nytt og spanande lag av skribentar, frå songaren og melkebonden i Telemark til den ferske økoepledyrkaren i Sogn og Fjordane. Ei godt krydra matspalte ført i pennen av Pater Kjell Arild Pollestad vil bli å lesa månadleg. Ein gong i månaden vil me også portrettera ein person som set merke etter seg i Landbruks-Noreg. Og som alltid set me stor pris på tips, tilbakemeldingar og klar tale frå lesarane våre!
God lesnad – og godt nytt år!

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten