Noreg og Storbritannia er i innspurten i forhandlingane om ein ny handelsavtale. Partane held korta tett til brystet, men på bordet ligg norsk fisk og truleg britisk sau. Altså, auka marknadstilgang for sjømaten vår på den britiske marknaden, i byte mot meir import av mellom anna engelske beitedyr og meieriprodukt.

I røynda er det også heilt andre storleikar som er i spel. Etter snaue tre tiår med handelsavtalar basert på artikkel 19 i EØS-avtalen, er handelsunderskotet vårt på landbruksvarer med EU på meir enn 16 milliardar kroner. Artikkel 19 opnar for handel med landbruksvarer på «gjensidig fordelaktig basis», men i fjor eksporterte Noreg denne typen varer for berre 1,5 milliardar kroner. Verdien av importen frå EU til Noreg, derimot, var på nesten 18 milliardar. Éin ting er import av varer som me ikkje har føresetnad for å produsera sjølv. Noko heilt anna er den strie straumen inn over grensene av kjøt, poteter, jordbær og eple. Det er ein straum som år for år undergrev føresetnadane for lønsemd i vår eiga jordbruksnæring.

Som i alle forhandlingar handlar det også andsynes britane om å gi og ta. På bakgrunn av den skeive handelsbalansen, er det samstundes naudsynt å ropa eit høgt varsku om kva som står på spel, dersom regjeringa skulle gi etter og sleppa opp for ytterlegare landbruksimport.

For sjølvsagt handlar det ikkje berre om å ta inn nokre hjul med den britiske spesial-osten Stilton. Kvart ekstra tonn langreist lam, kvart ekstra tonn mjølk som i ei eller anna form kjem til Noreg frå utlandet, utfordrar eit alt pressa tollvern, og dermed også arbeidsplassane og lønsemda til bøndene og tilsette i næringsmiddelindustrien. Det, i sin tur, svekker håpet om betre rekruttering til næringa. Auka import motarbeider også så vel FN-målet, som vårt eige, om auka nasjonal matproduksjon. Og særleg klimavenleg er det heller ikkje, å transportera inn mat som me sjølv produserer meir berekraftig enn dei fleste.

25 prosent av Storbritannia er dyrkbart, av Noreg berre tre prosent. Vår eigen matsikkerheit avheng av å halda det me har av matjord i produksjon. Dersom regjeringa opnar for britisk landbrukseksport, bidreg den til å svekka både jordbruket og samfunnsberedskapen vår.
Me set vår lit til at Stortinget veit kva som står på spel, og hindrar eit slikt utfall. Me har mykje laks å selja, men ikkje ein bonde å mista.

Bothild Å. Nordsletten