Når nordmenn blir stadig meir opptatt av dyrevelferd, aukar også krava til husdyrproduksjonen. Då held det ikkje at næringa berre peikar på at me har verdas strengaste regelverk, god dyrehelse og låg medisinbruk. Næringa må kunne dokumentera påstandane. I tillegg må ein tola auka innsyn i produksjonane, og syna til truverdig handtering av avvik. Slik byggjest den tilliten mellom husdyrproduksjonen og forbrukarane, som landbruket er sjanselause utan.

Dette resonnementet ligg til grunn når Tine no innfører eit trekk på 50 øre per liter for produsentar som ikkje følgjer regelverket for dyrevelferd. Til Landbruk24 viser organisasjonssjef i samvirke, Gunnar Dalen, til at det er fleire system som fangar opp dårleg dyrevelferd, men at det kan ta tid før så skjer. Difor vil Tine no innføra eit eige, uavhengig system for å fanga opp og bøta på regelbrot så tidleg som råd. Mjølkebønder flest driv med god dyrevelferd, stadfestar Tine. Samvirke vil likevel forsikra seg om at ingen som bryt lova smett gjennom alt eksisterande kontrollsystem.

Det er i seg sjølv positivt. Tilliten i marknaden er noko ein må jobba stadig hardare for.
Men når landbruket med god grunn no opnar meir opp, er det samstundes grunn til å stilla nokre kontrollspørsmål. For tillit er ikkje noko bøndene berre treng frå forbrukaren. Dei må også kjenna det frå sitt eige samvirke og rådgjevarar. Alle kan me bli betre, så klart. Og nokon har større forbetringspotensial enn andre. Konsekvensen av meir innsyn, fleire dyrevelferdsprogram og kontrollørar i tunet bør likevel ikkje føra til at bonden byrjar å tvila på sin eigen kompetanse.

Likeeins er det ein tankekors når styreleiar i Norsvin, Tor Henrik Jule, finn det naudsynt å åtvara om forvirrande mange dyrevelferdsordningar for gris, – og det mindre enn eit halvår etter NRK-dokumentar om dårleg svinehald og høglydte rop om avbøtande tiltak (Bondevennen 25.10). Jule ønskjer forenkling for at ikkje bonden skal missa kontrollen. Det er ikkje eit urimeleg ønskje. Særleg ikkje med tanke på at mange bøndene driv fleire produksjonar, kvar med sine dokumentasjons- og kontrollkrav.

Dagens vektlegging av dyrevelferd er riktig og viktig. Når krava til husdyrproduksjonen endrar seg, er det samstundes viktig også å tenkja på bondevelferda. Dyrevelferdsprogram og kontrollmekanismar skal vera eit ris bak spegelen til dei som treng det. Men det må ikkje bli ein for byråkratisk og gnagande hemsko for dei mange som har alt på stell.

Bothild Å. Nordsletten