image description

Landbruksoppgjøret gjekk stille føre seg, samanlikna med tidlegare år. Me hugsar at bondeorganisasjonane har brote forhandlingane, bønder har helt mjølk i gatene, marsjert i tog og tømt butikkar for brød og øl. I år sa Bondelaget seg nøgd med 400 millionar kroner. Det vil seie, leiaren av Bondelaget karakteriserte resultatet av jordbruksoppgjeret som akseptabelt. Bondelaget sitt krav til staten var på 950 millionar kroner. Staten svara med eit tilbod på 90 millionar kroner. Ut frå utgangspunktet bar forhandlingane frukter, så spørs det om den endelege potten frå staten vil stimulere til auka matproduksjon.

Ministeren som troner over landbruket har etter fjorårets oppgjør kome med tydelege føringar for oppgjeret 2015. Ho har sterkt oppmoda til å kome fram til ein avtale, med faren om å truge forhandlingsinstituttet som ei mørk sky i bakgrunnen.

– Me gjekk inn i dette med eit ønskje om å få til ein avtale til det beste for bonden og norsk matproduksjon, har Lars Petter Bartnes, leiar av Noregs Bondelag, uttalt.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag klarte ikkje å sitte ved forhandlingsbordet til siste slutt, og braut.

«Norsk Bonde- og Småbrukarlag kunne ikkje bli med på ein avtale som gir ein så mager gevinst for organisasjonens medlemmer,» skriv organisasjonen på sine nettsider.

Under pressekonferansen i samband med at jordbruksavtalen var inngått, kom landbruksministeren med eit lite stikk til Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Ho viste til at organisasjonen har brote forhandlingane fem av dei seks siste forhandlingane, og peika på at dei ikkje tek ansvar i same grad som Bondelaget.

Merete Furuberg, leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag, svara på laget si nettside at dei tek ansvar for å få til ein annan og betre politikk.

Ein ting er sikkert: Her er splid mellom dei involverte partane.

Ikkje alle kan få det som dei vil, alltid. Det er barnelærdom frå oppveksten, og noko dei fleste aksepterer. Når det gjeld utviklinga av landbrukspolitikken, og jordbruksoppgjeret ser det no ut til at dei minste gardbrukarane opplever å aldri får det som dei vil. Det er noko anna. Ei fanesak for regjeringa sin politikk har vore at det skal løne seg å produsere mykje mat. Noko politikken ber preg av. Dei mindre produsentane kan fort kjenne seg tilsidesett og mindre verdsett. På den måten kan me forstå at Norsk Bonde- og Småbrukarlag braut forhandlingane med staten også i år.

Stortinget har bestilt auka matproduksjon på norske ressursar. I fjor la Stortinget klare føringar for jordbruksoppgjeret, då regjeringa og bondeorganisasjonane ikkje vart einige. I år held nok Stortinget fingrane vekke frå matfatet, då Bondelaget signerte jordbruksavtalen.

– Regjeringa tek ikkje norsk matproduksjon på alvor, sa leiaren av Bondelaget då tilbodet frå staten kom. Regjeringa auka potten på bordet med 310 millionar kroner, og tek plutseleg matproduksjonen litt meir på alvor.

Men, tek dei norsk matproduksjon alvorleg nok?

I sin kamp for landbruket skriv bonden Live Svalastog Skinnes blogg. Bondevennen skriv om henne i denne utgåva av bladet. Skinnes har nådd mange med sine innlegg. Ho skriv for at folk flest skal forstå kva landbruk faktisk er. Motivasjonen er rett og slett folkeopplysning. Skinnes vil forklare at mat og bønder heng saman.

– Når det stormar og ristar rundt i verda vil me komme nærare basisen vår. Akkurat no sit me og vippar på oljeberget. Det vil ikkje vare evig, seier Skinnes.

Ho er eit døme på at ei røyst kan nå mange, og bodskapen treng ikkje vere pakka inn i lag på lag med vanskelege politiske frasar, om tollvern, kvotar og prosentsatsar. Bonden er eit døme på at det er mogleg å påverke.

Me heiar på alle bønder, både store og små, og håper alle kan få det som dei vil, iallfall av og til.

 

 

Jofrid Åsland