«Hvis det ikke blir avtale, bør det ikke aksjoneres. Vi bør da starte avviklingen av norsk jordbruk. De ber oss om noe vi ikke kan gi. Da bør og kan vi ikke levere.» Tor Jacob Solberg, ein av initiativtakarane til Bondeopprør21, Facebook 6.2.2022

Spaninga i jordbruket aukar for kvar veke fram mot våronn og jordbruksoppgjer. Blir det full kostnadsdekking, i så fall, kva tid? Vil regjeringa innfri løftet om tidfesta inntektsutjamning? Vil staten koma jordbruket i møte? Parallelt med den politiske tautrekkinga, fattar bøndene vanskelege avgjerder for komande sesongar: Sprenga budsjettet for å få råd til nok gjødsel, eller knipa inn og redusera avlingane?

Undervegs, medan prisane heldt fram med å stiga, kjem det heldigvis nokre lyspunkt. Denne månaden blir kompensasjonen for ekstra gjødsel- og byggvarekostnadar på 754 millionar kroner utbetalt. I tillegg har regjeringa lova å kompensera for ekstraordinære utgifter også til andre innsatsfaktorar, så snart reknestykket er klart. Og i førre veke vart det semje mellom Sp, Ap og Sv om straumstøtte til jordbruket og veksthusnæringa på 500 millionar, også denne med utbetaling i februar. Dette er viktige og riktige grep, men dei løyser ikkje problemet med ein kronisk svak bondeøkonomi. Her er viktigaste kuren eit kraftig inntektsløft, og det snarast.

Bondeopprørarane har omsider konkretisert kor stort dette løftet må vera. Dei er ikkje til å misforstå, ei heller om konsekvensane dersom kravet ikkje blir innfridd. Til Nationen uttalar ein av initiativtakarane, Sven Martin Håland: «Underskrevet avtale må være 100.000 per årsverk etter at alle kostnader er dekket. Hvis ikke må vi si nei til samfunnsoppdraget. »

Somme tolkar kanskje slike uttalingar, samt Tor Jacob Solberg sin over, som utidige ultimatum. Samtidig minner dei to oss på ei svært viktig kjensgjerning. Med mindre gjelda er for stor, er det å vera bonde i 2022 eit fritt val. Du må ikkje. Vel du å vera bonde, tek du på deg det tunge samfunnsoppdraget som matprodusent, ja. Men som sjølvstendig næringsdrivande, dersom føresetnadane blir for dårlege, kan du velja å gjødsla mindre, redusera avlinga, eller å avslutta drifta.

Mykje av alvoret denne våren kjem til uttrykk nettopp i dette spennet mellom bøndene som sjølvstendige næringsdrivande på den eine sida, og samfunnsoppdraget deira på den andre. Det er takka vere bønder som kan og vil at me har ein sjølvforsyningsgrad på rundt 35 prosent, (korrigert for import av kraftfôr). Og det er bønder som ser meining i å halda fram me set vår lit til dersom me skal bli 50 prosent sjølvberga og framleis driva verdiskaping i heile landet. Då kan me ikkje lengre ta for gitt at sjølvstendig næringsdrivande vil knokla på med stadig raudare tal.

Mange har alt kasta inn handkleet og valt ein annan veg. Fleire kan det bli. Regjeringa veit kva ho gjer. Men om ikkje årets oppgjer svarar til bøndenes behov, går det ikkje berre ut over bøndene. Det kan ramma heile samfunnet.

Bothild Å. Nordsletten