Med kostnadsauke, overproduksjon og marknadsubalanse som utgangspunkt kan me forstå at partane i jordbruksoppgjeret var letta over å kunne inngå ein avtale 16.mai.

For første gong under Solberg-regjeringa signerte både Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag. At sjølv liberalisten Jon Georg Dale seier seg nøgd med avtala er ikkje den einaste grunnen til å vera skeptisk.

Faglaga er med rette tilfredse med strukturtilskotet til små og mellomstore mjølkebruk, «Vestlands»-tilskota til drift i bratt terreng, setertilskotet og satsinga på frukt og grønt. Midt i overproduksjonen er dei òg glade for semje om fleire produksjonsavgrensande tiltak for sau og svin. Ein kan gle seg over desse resultata, men i kva grad dei inneber eit varig steg i rett retning for jordbruket, vil tida vise.

Det største vonbrotet er at bøndene ikkje oppnår kronemessig lik inntektsutvikling, men heller ein prosentvis inntektsauke på 3,5 prosent – under føresetnad av at dei oppnår 250 millionar kroner i betre marknadsbalanse alt i 2019.

Føresetnadane for å klara det – og for å sikra inntekta på sikt – er høgst usikre. Kostnadsauken dei neste åra er rekna til 1,4 milliardar kroner. Dei produksjonsavgrensande tiltaka, som er meint å auka sjansen for å ta ut betre pris i marknaden, er ikkje konkretiserte på svin. Ordlyden i avtala er her prega av atterhald og mange punkt som skal «greiast ut» – alt medan overskotet er stort og importen aukar.

Det nye strukturtilskotet til mindre mjølkebruk kan også visa seg å bli eit kortliva – eller reint livsforlengjande – påslag. I tillegg til sannsynleg overskot av mjølk ved bortfallet av eksport av Jarlsberg i 2020, står store investeringar for fjøsdøra. Endringane i forskrift for hald av storfe som trer i kraft i 2024, og lausdriftskravet i 2034, representerer  viktige vegskilje. Kor mykje mjølk treng me eigentleg, og kor mange bønder heng med i lengda?

Det er positivt at iallfall nokre bønder har fått høve til å auka inntektene. Med eit stortingsfleirtal som er for kronemessig lik utvikling, kunne faglaga oppnådd meir? Marknadsubalansen tyngjer, men overproduksjonen skuldast ikkje produksjonsivrige bønder aleine. Dersom ikkje faglaga bit meir frå seg under ei blågrøn mindretalsregjering – kva tid skal dei då gjere det?

Oppgjeret handlar sjølvsagt også om meir enn kroner og øre. Jordbrukspolitikken er ikkje til berre for bøndene, men for å gjennomføre det samfunnsoppdraget det er å fø folket. Kva har samfunnet att for jordbruksoppgjeret 2018?

Retninga står seg, svarar avisa Gudbrandsdølen Dagningen, og held fram: Sjølvforsyninga blir ikkje betra, gjeldsutviklinga blir ikkje endra, strukturutviklinga blir ikkje endra og forholdet mellom bruk av jord og bruk av kraftfôr blir ikkje endra.

Med andre ord – det er mykje som tyder på at årets avtale neppe blir meir enn ei justering av dei liberale hovudlinene frå 2014. Oppgjeret kunne definitivt vore verre, men det utgjorde også eit tapt høve til ei reell og naudsynt kursendring for landets viktigaste næring.

 

Bothild Å. Nordsletten