Det dyvåte fjoråret og denne knusktørre sommaren viser tydeleg kor prisgitt matproduksjonen er naturen sine luner. Ingen kunne føresei årets tørke, men klimaforskarane er samde: verda – og Noreg – må bu seg på eit ustabilt klima framover, inkludert fleire overraskande, ekstreme toppar, lik sommaren i år. At varmare vêr og meir nedbør òg kan slå positivt ut for delar av jordbruket, må ikkje svekke tiltaka for å tilpassa seg stadig hyppigare ekstremsesongar, anten det er snakk om flaum, ras, tørke eller brann. År om anna vil det truleg laga seg, men det er verdt å merka seg konklusjonen til Bjørn Hallvard Samset, forskingsleiar ved CICERO Senter for klimaforskning: Ingenting i klimasystemet er normalt lenger. Alt er nytt.

Korleis førebur me oss på det overraskande? Anten du set din lit til kunstig intelligens eller meitemakken, står følgjande utganspunkt no klårt for den komande landbruks- og beredskapsdebatten:

– Kvar teig tel. Den pågåande krisa har synt kor viktige område som ligg brakk kan bli når føresetnadane for matproduksjon blir meir ustabile. Likeeins tilsynelatande marginale ressursar. I Nord-Noreg gror graset godt, og lokale bønder ynskjer å dela med tørkeråka yrkesfeller i sør. Somme stader styver bøndene igjen ospetre til dyrefôr. Verdien av dei rike utmarksområda våre bør ha blitt tydelegare for fleire. Me har ikkje råd til å lata landet gro att. Me treng landbruk i heile landet.

– Utviklinga i retning færre og større gardar må stoppa. Eit mangfald av bruk i alle storleikar er mindre sårbare og gjer betre beredskap og tryggleik enn ei handfull store.

– Tenk nytt! Med klimaendringane følgjer eit moldrok av agronomiske utfordringar. Der dagens metodar ikkje verkar lenger, må nye finnast. Det krev nok forskingsmidlar, vakne samvirke og kunnskapsrike bønder som prøver ut nye prinsipp og teknikkar. No trengst meir engasjement, meir debatt og fleire opne sinn.

– Matsikkerheit kostar. Krisepakken som styresmaktene no vonleg legg på bordet, utgjer småpengar i forhold til kva det vil koste å trygge framtidas matproduksjon. Bøndene aleine kan ikkje ta rekninga for utvikling av nye plantesortar, lettare maskinpark, massive vatningsanlegg og meir drenering. Kostnadane må delast av alle.

Spørsmålet er om samfunnet er villig til å betala.

Om den ekstreme sommaren ikkje har fått politikarar og folk flest til å innsjå alvoret, må bøndene nytta hausten til å overtyde dei.