Bv16_leiar.jpg

– Bøndene inn i forhandlingar med folket i ryggen, lyder det i pressemeldinga frå Bondelaget, i samband med aksjonsdagen den 10. april. Dei syner til ei ny meiningsmåling, utført av Ipsos MMI, der 9 av 10 nordmenn seier at dei vil ha eit norsk landbruk av same omfang som i dag. Som tidlegare er trygg mat hovudgrunnen for å støtte norsk landbruk. Viktigheita av å vera synleg, og ha støtte i folket kan ikkje overvurderast. I eit demokrati representerer dette makt, som Makta må ta omsyn til.

Konturane i kravet frå landbruket for jordbruksavtalen er i ferd med å avteikna seg. Bondelaget prioriterer korn, storfe og grønt. For både korn og storfekjøtt handlar det om auka sjølvforsyning og til det trengs det eit styrka økonomisk fundament for desse produksjonane. Auka kornpris må kompenserast med auka støtte til prisnedskriving, for ikkje å utilsikta ramma husdyrproduksjonane generelt, og dei kraftfôrbaserte produksjonane spesielt. I grøntnæringa er det eit akutt behov for å styrka tollvernet for å styrka økonomi og produksjonsvolum av norske varer. Småbrukarlaget tenker distrikt, og held fram at det må bli meir lønsamt å prioritera dyrking av grovfôr. Dette er eit krav styresmaktene bør lytte til, også auka grovfôrproduksjon er med å styrkjer norsk sjølvforsyning, pluss mange andre positive sideeffektar. Vi vil i tillegg retta merksemda på mjølkeproduksjonen. Den viktigaste næringsgreina i norsk jordbruk treng eit økonomisk løft. Vi ventar auka pris- og investeringsstøtte til mjølkeproduksjonen.

Det er interessant å studera sektorkrava frå samvirkeorganisasjonane. Dei er tett på næringa og tek pulsen på marknaden. Auke i målpris hjelper lite om det ikkje er balanse mellom produksjon og etterspørsel slik vi for tida har for svin og egg. Innafor storfekjøtt og sau bør det vera rom for auke. Oppsummert ber sektorane om ei auka ramme i jordbruksavtalen på 3 milliardar kroner.
I jordbruksavtalen heng alt saman med alt. Avtalen er eit puslespel utan like. Partane skal i utgangspunktet bli samde om berekningsgrunnlaget, kva tenar eigentleg bonden. Her støttar forhandlingspartane, staten og dei to faglaga, seg til tal frå Budsjettnemnda og nyttar resultatmålet; Vederlag til arbeid og eigenkapital, inklusiv skatteeffekt av jordbruksfrådraget. Det er avgjerande for tilliten til forhandlingane at berekningane samsvarar med dei faktiske tilhøva i landbruket. Vi må venta ei objektiv og truverdig framstilling både frå faglaga og frå staten. Rett grunnlag er avgjerande for kva økonomiske ramme som vil bli akseptert av partane.

Referansebruka syner økonomien i dei ulike produksjonane i landbruket, og bygger på rekneskapstal utrekna av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF). Det har vore, og er framleis, eit betydeleg inntektsgap mellom bondeyrket og andre yrke i samfunnet. Gjennomsnittsinntekta for referansebruka i 2012 var ikkje i nærleiken av gjennomsnittet for andre grupper i samfunnet. Sjølv om referansebruka ikkje er meint å vera eit eksakt og komplett spegelbilete av økonomien i norsk jordbruk, dokumenterer desse rekneskapstala at inntektsgapet mellom bønder og andre samfunnsgrupper må reduserast.

Strukturpolitikk og fordeling av økonomisk støtte til ulike distrikt og produksjonar er ei krevjande øving både for faglaga og for staten. Dette er politikk, og i medhald av gjeldande landbrukspolitikk har styresmaktene vedteke at det skal vera levelege vilkår for landbruk i heile landet. Eit lite grep for å dempa strukturrasjonaliseringa er å la verdien av effektiviseringskravet frå staten bli verande i landbruket.

I valåret 2013 kan eit eventuelt forhandlingsbrot fort handle om framtidige regjeringskonstellasjonar, om vi skal ta signala frå landsmøtet i Senterpartiet. Difor må vi vente at eit tilfredstillande resultat vil stå høgt på den politiske agendaen til regjeringspartia.

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no