image description

 

VALET ER OVER, og i skrivande stund kjenner vi ikkje resultatet. Uavhengig av kven som styrer, treng landbruket investering, utvikling og tru på framtida. Etter månader med store ord frå alle politiske leirar, er det endeleg realpolitikk som gjeld og som partia skal testast på.

I KRAVET TIL ÅRETS JORDBRUKSFORHANDLINGAR løfta faglaga fram behovet for ein ekstraordinær investeringspakke til jordbruket. Den var ikkje tenkt som ein del av jordbruksavtalen, men som innspel til statsbudsjettet. Faglaga oppnådde ingen løfte frå staten, men saka er like aktuell og bør ha full merksemd i tida som kjem.

INVESTERINGSSTØTTE og gode skatteordningar for fondsavsetting dreg i same lei.  Mindre låneopptak gir betre økonomi etter investeringa og eit meir robust fundament å bygga vidare på. Stort vedlikehalds- og investeringsbehov og auka gjeldsbyrde, er ikkje sunne teikn for ei næring som skal vidare. Utspelet frå faglaga bør følgjast opp med grundig dokumentasjon / analyse og ei utforming av investeringsverkemidla som gjer det interessant å satsa.

ALLE ER OPPTEKNE AV REKRUTTERING. Framtida for jordbruket handlar i stor grad om det er interessant for ungdomar å gå inn i næringa. Dei som nyleg har teke over garden, har gjerne i utgangspunktet ei stor gjeldsbyrde. Mange har mot og styrke til å gå vidare, men det er økonomisk utfordrande å gå på nye investeringar i denne fasen. Resultatet blir ofte ei meir ekstensiv drift og arbeid utanom garden. Direkte investeringsstøtte bør primært gå til unge bønder, uavhengig om garden ligg i sentrale område eller i distrikta.

INVESTERINGSSTØTTA må ta omsyn til marknadssituasjonen. Det blir feil å nytta offentlege midlar til å investere i produksjonar som slit med overproduksjon, noko vi har sett døme på i dei kraftfôrkrevjande produksjonane. Vi innrømmer at dette er enkel etterpåklokskap, men like fullt noko næringa og det offentlege må ta innover seg når dei skal utforma retningsliner for framtidig investeringspolitikk i jordbruket.

FOR DEI GROVFÔRBASERTE PRO-­DUKSJONANE må investeringane vurderast i forhold til ressursgrunnlaget. Rasjonalisering og utstrakt bruk av leigejord for mjølkeproduksjonsbruk vil nok halda fram, men den enkelte bonde eller bedriftsleiar bør nøye tenka gjennom kva som er ein komfortabel driftssituasjon etter utbygginga. Strukturen i mjølkeproduksjonen bør også i framtida avspegla det varierande ressursgrunnlaget vi har.

AUKA STORFEKJØTTPRODUKSJON står høgt på dagsorden.  Produksjonen blei prioritert i jordbruksoppgjeret, og gode investeringsordningar vil i tillegg vera eit nødvendig og viktig bidrag for å få opp produksjonen av storfekjøtt.

VI OPPMODAR NÆRINGA og det offentlege til å ha marksemd på investeringsbehova og gjeldsutviklinga i landbruket. Det er avgjerande for rekruttering og vidare utvikling.