REGJERINGA gjer i den nye jordbruksmeldinga framlegg om å utnytta beiteressursane betre, og då særleg i utmarka. Ulike modellar for å forenkla beitetilskotet kan også koma på tale. Framlegga verkar lovande nok i utgangspunktet, men skapar uro i vest. For landbruksminister Jon Georg Dale har gjort det klart at tilskot til utmarksbeiting skal prioriterast på bekostning av tilskot til innmarksbeite. Ein tredel av det norske kulturbeite på 1,5 millionar mål finn me i Rogaland. Av fylket sitt totale jordbruksareal på ca. éin million mål, er mest 50 prosent innmarksbeite.

SØKNADAR om produksjonstilskot for 2015 viser at det blei gitt om lag 68 millionar kroner til beitetilskot i Rogaland. Tilskot til utmarksbeite i same periode, var om lag 47 millionar kroner.
Tal frå kommunane Rennesøy og Bjerkreim avslører korleis ei eventuell omfordeling av arealtilskotet på innmark kan slå svært uheldig ut. I 2015 mottok 39 bruk på Rennesøy 682.724 kroner i tilskot til dyr på utmarksbeite. Same stad fekk 115 bruk 2.338.256 kroner i tilskot til dyr på beite på innmark og dyrka mark. Det er innmark dei lever av på øya. Fell tilskotet for innmarksbeite bort, vil bøndene på Rennesøy truleg halda fram arbeidet, men med mindre inntekt. Alternativt kan dei drifta smalen med lastebilar til utmarksbeite i Sirdal. Dit er det langt og dyrt å reisa.
I landets største sauekommune Bjerkreim, utgjer innmarksbeite 60 prosent av jordbruksarealet. I 2015 mottok 159 bruk 4.286.772 kroner i tilskot til dyr på utmarksbeite. 181 bruk mottok 5.105.568 kroner i tilskot til dyr på innmarksbeite og dyrka mark. I gjennomsnitt utgjer dette over 28.000 kroner for kvar av dei 181 bøndene. Det er pengar som kjem godt med i gardsøkonomien.

FÔRVERDIEN PÅ INNMARK er svært høg. Eit produktivt mål kan gi minst 500 fôreiningar årleg. Utmarks- og skogsbeite produserer til samanlikning 80-100 fôreiningar. Innmarksbeite byr på rimeleg fôr i terreng som ikkje kan dyrkast, men det er kostnadskrevjande areal å vedlikehalda, med gjødsling og ugraskamp.

DET ER LITEN TVIL OM at beitetilskota, slik dei er i dag, utgjer eit viktig stimuli for å nytta desse areala. Premien for god skjøtsel er stor, i form av vakkert og turistvenleg kulturlandskap, rikt biomangfald, lengre beitesesong og betre dyrehelse. Mosjonskravet er som kjent åtte veker, men for å få beitetilskot må dyra faktisk vera på beite minimum 12 eller 16 veker.

I EIT LAND med berre tre prosent dyrkbar jord er det sjølvsagt at også graset, lyngen og urtene i utmarka bør utnyttast så godt som mogleg i matproduksjonen. Aktivt utmarksbeite er god ressursutnytting og klokt distriktslandbruk, som bidreg til å oppretthalda busetting. Dyra sjølve føretrekk variasjonen som fri ferdsle mellom innmark og utmark byr på. Som beiteentusiasten frå Gjesdal, Magnus Søyland, så elegant formulerer det: – Innmarka er kaldtbordet. Utmarka er kaffien og konjakken.

REGJERINGA YNSKJER til liks med stadig fleire forbrukarar auka jordbruksproduksjonpå norske ressursar. Då burde ikkje spørsmålet om beitetilskot bli eit nullsumspel. Beitetilskota burde aukast. Og ei eventuell forenkling i ordninga burde skilje mellom dyrka jord, og innmarksbeite/utmarksbeite, slik Bondelaget har gjort framlegg om.

SÆRLEG PÅ VESTLANDET gir det lite meining å setje innmark opp mot utmark, slik den nye jordbruksmeldinga kan koma til å gjera. Og korleis vil eigentleg regjeringa gjennomføra framlegget sitt, når utmarksarealet varierer så mykje frå stad til stad?
I valet mellom dei to beitetypane siterer me fritt etter Ole Brumm: – Ja takk, båe delar. Og helst meir av alt.

Bothild Å. Nordsletten