image description

Klimaspørsmålet har noko kosmisk ved seg. Vår Herres klinkekule, den lille blå planet, er i trøbbel.

«Omsider kom han trett, som alle poder
når det er kveld og leken har vært sen.
Han lå på kne og samlet sine kloder.
Da så han at han hadde mistet en
«Den lille blå». Den minste av dem alle.
Han lette under gress og sten og hekk.
Og den som var så blank i solefallet.
Men mørket kom, og kulen den var vekk.»
(Erik Bye)

Jorda har fått «feber» fordi lufta ikkje lenger er så rein og balansert som den eingong var.

Lenge var det bare spesielt interesserte innafor akademia og miljøaktivistar som trudde på menneskeskapte klimaendringar. Etter klimatoppmøtet i Paris, er det ikkje lenger politisk korrekt å fornekte temaet.
– Klimaendringa er vår tids viktigaste utfordring, får vi høyre frå politikarane, men i praksis har klimautfordringa blitt møtt med eit skuldertrekk, og vi går vidare i same spor.

– Menneskeskapte klimaendringar og vêrfenomenet El Niño, sender temperaturen på jorda til himmels, les vi på NRK nyheiter. NASA og den amerikanske forskingsstasjonen NOAA, har registrert at den globale temperaturen, dei siste 15 månadane, er den høgaste som er registrert i moderne tid.

Regjeringsaprtia Høyre og FrP har gått frå uttalt skepsis til ei «best i klassen» haldning når det gjeld målsettingar om å stanse oppvarminga av kloden. Klima- og miljøvernminister, Vidar Helgesen, (H) har vore i Brussel og gjort avtale med EU om at Norge, innan 2030, skal kutte utsleppa av klimagassar med 40 prosent i såkalla ikkje kvotepliktig sektor, der transport og landbruk høyrer heime. I EU er målet for utsleppskutt 30 prosent, 10 prosent lågare enn det Norge vil kutte.
– Vi vil bli likebehandlet med EU-landene og ha et mål som reflekterer hvor velstående vi er. Det er BNP per innbygger som legger det målet til grunn, seier Vidar Helgesen, i eit intervju med NRK.

Klimaspørsmåla er ingen eksakt vitskap. Årsak og verknad bygger på kompliserte og usikre utrekningsmodellar, og generelle miljøutfordringar blir ofte sausa inn i klimadebatten. Kva er menneskeskapte og kva er naturlege temperaturvariasjonar? I tillegg gjer vi klokt i å korrigere for skjulte økonomiske og politiske agendaer og motiv, frå ulike aktørar med sans for eigenvinning.

Drivhuseffekten, på grunn av auka innhald av karbondioksyd (CO2) i atmosfæren, er hovudårsaka til menneskeskapt oppvarming. Det starta med den industrielle revolusjon, då vi tok i bruk fossil energi; kull, olje og gass. I tillegg har jordbruket fått eit særleg fokus for utslepp av metangass (CH4) frå husdyr og husdyrgjødsel og lystgass (N2O), i samband med nitrogengjødsling og dyrking på myr. Målt per eining gir desse gassane endå sterkare drivhuseffekt enn CO2, men metan blir relativt raskt broten ned i atmosfæren. Samla utslepp frå jordbruket er sagt å vera åtte prosent av samla klimagassutslepp i Norge. Den store plussida for landbruket ligg i binding av CO2 i skog, anna vegetasjon og i jorda.

I denne saka må ein ha fleire tankar i hovudet samtidig. Sjølvsagt må landbruket møte klimautfordringane offensivt. Landbruket er både ein del av løysinga og ein del av problemet. Vi må halde fast ved at matproduksjon er ein biologisk prosess som alltid har vore i samspel med naturen. Den store (menneskeskapte) temperaturendringa kom ved bruk av fossil energi. Vi etterlyser ein langt meir kunnskapsbasert og heilskapleg analyse om landbruket si klimarolle, enn dei fragmenterte oppslaga vi blir presentert for i media om dagen.

Eirik Stople