Klimaarbeidet i jordbruket går inn i ei viktig fase. I desse dagar forhandlar staten og bondeorganisasjonane om ei klimakuttavtale for næringa. Som alle andre sektorar må jordbruket bidra til å nå måla i Paris-avtala om 40 prosent reduksjon av klimagassutsleppa innan 2030. Det skulle berre mangle. Klimaendringane utgjer eit trugsmål mot heile livsgrunnlaget vårt, og bonden er heilt avhengig av eit stabilt klima for å produsera mat.

Ein viktig del av forhandlingsgrunnlaget blei lagt fram før jul. Ei arbeidsgruppe med representantar frå bondeorganisasjonane og styresmaktene har sett på ulike kutt-tiltak for perioden 2021-2030. Gruppa viser til at ein kan få best klimaeffekt av eit forbod mot nydyrking av myr, og av færre ammekyr – dersom kjøtforbruket minkar. Smartare gjødselhandtering, avl på klimagunstige eigenskapar og metanreduserande fôrtilsetjingar er også nemnt.

Skal bonden som satsa på ammeku eller som berre kan utvide drifta ved å drenere myra få panikk? Nei. Det handlar ikkje om å slakta kua eller om å avvikla drift og matproduksjon. Desse klimaforhandlingane dreier seg om å skapa ei styrt og gradvis omstilling i dei delar av jordbruket der det høver best.

Det er naivt å klamra seg til vona om at ting blir som før. FN har gitt oss 11 år på å stansa temperaturauken, dersom me vil unngå katastrofe. Meteorologisk institutt rapporterer at risikoen for varme, tørre somrar, lik den i fjor, er dobla på grunn av menneskeskapte klimaendringar. Med andre ord – utsleppa må ned, og det straks. Også i landbruket må praksis endrast. Viss ikkje no, kva tid då?

Nydyrkingsforbod på myr og reversering av ammekusatsinga provoserer. Men gitt at dette er blant dei største, mest kostnadseffektive og førebels best utgreia kuttområda i jordbruket kan bidra med – kan næringa seia nei? At fossile utslepp er større enn dei biologiske, og at landbruket gjennom fotosyntesen bind enorme mengder CO2, fritek ikkje næringa frå å kutta der ein kan.

Transport, bygg og avfall – alle sektorar kjenner no presset for å bidra til ei leveleg framtid. Det er ikkje slik at jordbruket er «versting», sjølv om klimadebatten har hengt seg opp i kua.

Omstilling inneber utfordringar, men også nye moglegheiter for jordbruket. Framlegget til leiar i Bonde-og Småbrukarlaget, Kjersti Hoff, er i så måte konstruktivt. I Nationen tek ho til orde for ein plan for auka produksjon av matplantevekstar direkte til menneskemat, helst med omstillingsmidlar og styrka tollvern, attåt. Kvifor ikkje, om kjøtforbruket går ned?

Parallelt med å feie for eiga dør, bør næringa bli ennå flinkare til å argumentera for dei karbonbindane fordelane ved utmarksbeitande husdyr, og for høgast mogleg sjølvbergingsgrad. Det gode avls- og forskingsarbeidet for reduserte utslepp, ikkje minst på kombikua NRF, må sjølvsagt halde fram.

Bøndene har meistra kjempeoppgåver før. Rydda landet, stein for stein. Dei har vore endringsvillege og tatt i bruk tekniske nyvinningar, med stort hell. Det er med dei same haldningane og den same innsatsen jordbruket må gripa klimautfordringa.

Bothild Å. Nordsletten