Høgsommars og i det Bondevennen går inn for juli kan det vera på sin plass å forsøksvis setja eit turbulent halvår i perspektiv.

På garden opplever den einskilde bonden ein prisauke utan sidestykke. I politikken er temperaturen høg i forsøket på kompensera kostnadsveksten, auka bondeinntekta og tetta gapet mot andre grupper.

Om politikarar og tillitsvalde som har stått på gjennom opprør, oppgjer og bondeting kjenner behov for å senka skuldrene, er det dei vel unt. Men jobben er ikkje over ennå. Gjennom jordbruksoppgjeret fekk bøndene dekka kostnadshoppet, auka inntektspotensialet og starta inntektsutjamninga. Det lovar godt. Men nokon ny jordbrukspolitikk som verkeleg trygger eksisterande matprodusentar, engasjerer potensielle og får opp sjølvforsyningsgraden, fekk me ikkje. Og dét hastar.

Bjørn Gimming, attvald leiar i Norges Bondelag, kalla dei partipolitiske utspela som hagla heilt fram til Stortinget vedtok oppgjeret 15. juni, for «markeringspolitikk ». Bondevennen har eit anna syn. Mein kva du vil om at Høgre ville kutta i inntekta eller om Sv sitt syn på importert kraftfôr. Utspela er uansett døme på ein meir dynamisk jordbruksdebatt enn det me har opplevd på lenge. Og når folkevalde ikkje let seg tie av åtvaringane om at dei med sitt engasjement undergrev forhandlingsinstituttet, minner dei oss om at makta til å endra kursen ligg hjå dei, i Stortinget – ikkje blott i faglaga og regjeringa.

Som folk flest tar også Stortinget sommarferie. Det kan ikkje alle bønder, det gjer ikkje husdyra, ei heller avlingane på åkeren. På andre sida av avbrekket er det viktig at dynamikken frå opprør og oppgjer blir halden ved live, i lokallag så vel som i storpolitikken.

Alvoret i å trygga matforsyning og å forma ein ennå klokare og meir framsynt jordbrukspolitikk, blir sett i relieff av all turbulensen i omverda. Sist veke melde ukrainske styresmakter at kornavlingane ligg an til å bli halvert grunna Russlands krigføring. For dette vil også millionar av menneske i Afrika, Midt-Austen og Asia lide. Samstundes er viktige matproduserande land verda over råka av tørke. Prisane på mat, gjødsel og andre livsviktige varer stig, og med det risikoen for meir naud og sosial uro.

Liberalistane kan prisa global frihandel til magen byrjar rumle. Alt tyder på at det å sikra eige jordbruk – trygga bønder og tilstrekkeleg matproduksjon – blir stadig viktigare. Dei beste føresetnadane for dette legg me i «fredstid», når dei politiske og økonomiske tilhøva er relativt stabile. Oppspelet er for lengst gitt. Så hald ut. Hald fram. Heilt til mål.

God sommar! Me er attende i postkassa di 12. august.

Bothild Å. Nordsletten