Fleire stader i sørvest har bøndene kunna utnytta tørt vêr og lagelege forhold til å koma i gang med ei svært tidleg vårvinne. På bygda høyrer Bondevennen at mange er ivrige med kalkspreiinga. Det er alltid klokt, og effekten av det er kanskje særleg viktig i eit år som dette, med formidabel kostnadsvekst og prekært behov for å utnytta ressursane optimalt.

Heldigvis har ikkje kalk stige på langt nær så mykje i pris som mineralgjødsla og kraftfôret. Heldigvis er den også heimelaga og kortreist, trygg for verdshandelens logistikkmessige luner.

Heldigvis – for den kvardagslege kalken er heilt avgjerande for optimale avlingar, og for økonomien. Resultata frå Grovfôr2020 og ein i fagkrinsar mykje omtalt artikkel frå Yara-publikasjonen Växtpressen, seier det same: God pH tyder mest av alt for gode avlingar, eller: «pH är spindeln i nätet som styr och ställer med markens övriga odlingsegenskaper».*

I følgje NLR gir ein pH på 5 berre ca. 50 prosent effekt av tilført nitrogen og kalium, og berre 30 prosent effekt av fosforet. Sur jord gir også mindre jordliv, som i sin tur fører til mindre omdanning og utnytting av det organiske nitrogenet i molda og av husdyrgjødsla.

Det seier seg sjølv – gjødsla du ikkje får utnytta, er pengar ut vindauga. Og i desse tider vil det svi om du må kompensera for mindre eller dårlegare avlingar med meir mineralgjødsel eller kraftfôr.

I vår handlar det i ennå større grad enn før om å gjera det beste ut av det du har. Det startar med kalken. Det held fram med meir kalk, best mogleg utnytting av næringsrik husdyrgjødsel – og tilpassa og presis spreiing av den dyrebare mineralgjødsla. Til slutt ligg det i vêrgudane – og regjeringa – si makt å avgjera om årets avlingar blir så store som Noreg og verda treng at dei må bli.

*Yara, Växtpressen nr.2/2021
«Liten pH-skillnad gjer stor effekt»

Bothild Å. Nordsletten