image description

Det har lenge vore på moten å krangle. Helst med litt sint stemme og viftande hender framom eit tv-kamera, ein mikrofon eller ein skriblande journalist. Me kallar det debatt. Journalistar snakkar om temperaturen i debatten, altså engasjement. Ofte handlar det om motstridande meiningar, og kven som har rett. Hjå politikarane ser me ein tendens til at debattantane konsentrerer seg meir om kva motparten ikkje har fått til, enn kva dei sjølv har fått til. Barnelærdomen om å først feie for eiga dør eksisterer ikkje. Det handlar om show og merksemd.
No ser me ei rørsle som går mot straumen. Dialogportalen.no er ein nettportal der folk kan dele informasjon om arealutvikling, men det stillast krav til innhaldet.
– Det finst nok av arenaer der folk slost med ord, me stiller krav om dialog, sa Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), til Bondevennen i august.
Det er dei tilsette ved HLB som står bak den ferske nettportalen, som vart lansert under dialogmøtet i Klepp rådhus 21. august. Folk kom mannsterke for å høyre om resultatet frå dialogprosjektet Jærsmiå. I dette prosjektet har bønder, politikarar, utbyggarar og friluftsinteresserte arbeida saman. Målet har vore å snakke saman om arealutvikling, og forstå motpartens side av saka. Saman har medlemmene av smia kome fram til ei prinsipperklæring for vern av matjord. Gjennomgangsmelodien frå både utbyggarar, bønder og politikarar var ønske om å verne matjorda, og finne felles løysingar til det beste for alle.
Er dette eit taktskifte? Me er vane med å sjå debattantane kjekle i ljoset av eit kamera. Der målet er det beste poenget for å utløyse applausen frå publikum. Eit kjend fjes i fleire landbruksdebattar er Trygve Hegnar, redaktør og eigar av tidsskrifta Kapital og Finansavisen. Er han så populær fordi han er veldig kunnskapsrik når det gjeld landbruk, eller fordi han er flink til å provosere og piske opp stemninga? Det er tradisjon for at motsette meiningar skal fram, og helst på ein underhaldande måte. Om ein finn fram til ein løysing er ikkje hovudmålet.
– I praksis er alle taparar. Alle vinn nokre slag, men ingen vinn krigen, sa bonde Ingve Berntsen, under dialogmøtet. Han har vore med i Jærsmiå.
Det er eit tankekors. Utbyggarar etterlyste strengare føringar frå kommunane når det gjeld område som skal byggast ut. Noko mange bønder kanskje ikkje hadde venta. Dersom det hadde vore mogleg å kome fram til ein felles plan gjennom samtale må vel det kunne reknast som banebrytande.
Det er mogleg debattane på tv skjermen vert mindre underhaldande, men tenk om dei kunne funne løysingar og felles mål i staden for feil og manglar. La oss håpe dialog og løysing vert på moten.

 

Jofrid Åsland