image description


«Bondekanibalisme» har muleggjort den strukturutviklinga vi har hatt og har i landbruket. Det kan høyrast rimeleg brutalt ut, i realiteten har det for veldig mange vore ein frivillig overgang frå landbruk til andre yrke. Valet har stått mellom å investera, bli effektiv og satsa på volum eller å trekka seg ut. Ofte har nye vegval blitt gjort i samband med generasjonsskifte. Med ein grei arbeidsmarknad har marsjen ut av landbruket vore ein stille revolusjon. Om vi ser bort frå Småbrukarlaget, har det vore ei villa utvikling, for Bondelaget, for landbrukssamvirke, for private aktørar og for politikarane. Ja, også for matkjedane og for forbrukarane.


Tidlegare leiar av Norsk landbrukssamvirke, Sveinung Svebestad, har meir enn ein gong entra podiet med setninga: «Kritikken av norsk landbrukspolitikk er feil, den har ikkje vore mislukka, men har tvert i imot vore ei suksesshistorie.» Klar tale for ei villa utvikling.


Når ein skal forklare drivarane, eller det som har gjort strukturrasjonaliseringa mogeleg, blir det gjerne peika på teknologisk utvikling, billeg, stabilt og alltid tilgjengeleg kraftfôr og uavgrensa tilgang på billeg utanlandsk arbeidskraft. Alle faktorar som gir grunnlag for auka produksjonsevne og kapasitet. Ubegrensa tilgang på billeg kapital, må vi heller ikkje gløyme.


Positiv økonomisk utvikling, optimisme og framtidstru knytta til alt snakket om mat og grønt skifte, og eit turbulent næringsliv utafor landbruket, vil truleg bremse «den naturlege» avgangen. Når auka produksjonskapasitet ikkje balanserer med tilsvarande avgang av produsentar, og marknaden er stabil, oppstår kampen om produksjonsvolum og marknadstilgang. Prisen på mjølkekvotar er ein indikator på det.


Kontraktproduksjon, kvote- og konsesjonsgrenser legg føringar for volum og for kven som får tilgang til marknaden. Så langt er det berre mjølkekvotar som er omsettelege verdipapir. Vegen til omsetteleg produksjonskontraktar og konsesjonar treng ikkje vera lang unna, under ein marknadsliberal politikk.


Arven fra Listhaug, med dobling av konsesjonsgrense for kylling og dobling av kvotetak for mjølk, er blitt nok ein stressfaktor i jordbruket. Det blir fort sett nye produksjonsakkordar, der målet er billegare mat.
Dei store blir større og mindre produsentar, særleg i distrikta, kan få ei utfordring med marknadstilgang og å skaffe seg produksjonsvolum, jfr. Coop sitt oppkjøp av ICA og situasjonen i kyllingnæringa. Det som skjer i mjølkeproduksjonen kan forhindre ei fornuftig fornying i kampen om ledige mjølkekvotar. Investering i kvote blir for tøft når det kjem på toppen av ei kapitalkrevjande utbygging.


Slitesterke samvirkeprinsipp som mottaksplikt og lik pris, uavhengig av geografi, blir utfordra i kampen om produksjonsvolum, marknadstilgang og konkurransekraft. Vi ser ei retning som skremmer. Mindre politikk og meir marknad kan fort forskyve makt over frå primærprodusentane til kapital- og marknadsaktørar. Kven som har makt og bestemmer over produksjonsvolum og marknadstilgang er underkommunisert i norsk landbruksdebatt.


Dette er ikkje enkelt. Alle veit at økonomien i jordbruket er avhengig av ein velfungerande marknad. Respekt for marknaden sine behov må ligga i botn for ein kvar produksjon, ikkje minst matproduksjon utan mogelegheit for eksport. Difor skal ein vera varsam med å endre på ting som fungerer og analysere og trekke lærdom at det som ikkje fungerer. Næringa kjem ikkje utanom å ta debatten om produksjonsvolum og marknadstilgang. Kva er ei berekraftig utvikling og er målet om landbruk over heile landet meir enn vakre ord?
Mangel på politikk er óg ein politikk, men då er det jungelens lov som rår.


Eirik Stople