Ti prosent av jordbruksarealet. Om lag éin million dekar. Det er kva Norsk Ornitologisk Foreining (NOF) føreslår å setja av for å gi fuglane i kulturlandskapet ein sjanse til å klara seg. Mindre sprøytemiddel, mindre drenering og utsett slått er andre grep foreininga peiker på i ein rapport til Miljødirektoratet som me omtalar i denne vekas Bondevennen.

Tiltakslista til ornitologane er oppsiktsvekkjande og vanskeleg å gjennomføra. Men faktagrunnlaget deira er dramatisk. Sidan 1980, på berre førti år, har 52 prosent av fuglane forsvunne frå jordbrukslandskapet i Nord-Europa. Også i Noreg går det dårleg. Fuglane forsvinn så sakte at me trur alt er som før, men sanninga er at fleire av dei no står på raudlista over truga artar.

NOF kallar fuglane indikatorar fordi dei speglar den generelle stoda i økosystemet og naturmangfaldet. Og, som FNs naturpanel og ei rekke andre rapportar stadfestar, viser speglbiletet tydeleg at me står midt i ei naturkrise. 75 prosent av jordas overflate er endra av menneskeleg aktivitet. Ikkje minst ét intensivt jordbruk seg inn over natur og ville dyrs leveområde. Som ein konsekvens går éin million artar ei usikker framtid i møte.

Lik kanarifuglane som varsla om eksplosjonsfare i gruvene, er det synkande talet på songlerker, tjeld og gulspurv eit varsel om at det livsgrunnlaget me deler, er ute av balanse.

Og ornitologane er ikkje aleine med ønskje om radikale grep for å retta opp balansen. Internasjonalt tek fleire forskarar og organisasjonar til orde for å lata halve klodens land og hav i fred. Berre slik sikrar me berekrafta i naturen og alle støttesystema den gir oss, blir det hevda. Her heime har høgsterett dei siste vekene handsama eit historisk klimasøksmål, der miljøorganisasjonar skuldar staten for brot på grunnlova etter utdeling av leitelisensar i Barentshavet. Utvinning av ytterlegare oljefunn er ikkje foreineleg med staten si plikt til å sikra oss og etterkomarane våre eit sunt miljø, meiner saksøkjarane.

Oppmodingar til harde botemiddel, og ein aukande kø av miljø- og klimasøksmål verda over, er tydelege teikn på at spaninga mellom menneska og naturen si toleevne aukar.

Få står så sentralt i dette spaningsfeltet som bøndene. Òg dei norske. Skrifta på veggen seier tydeleg at me ikkje kan halda fram som om me og husdyra våre er dei einaste skapningane som treng plass. På den andre sida har me ikkje meir jordbruksareal enn me treng, og på det vesle me har er målet å produsera 20 prosent meir mat innan 2030. Og var det ikkje slik at vipe og åkerrikse treivst nettopp der bonden skjøtta landskapet? Kva type drift sikrar både mat til menneska og meir natur?

For mange av våre medskapningar er dagens praksis ikkje til leva med. Framover handlar det om å finna ein balanse alle kan både overleva og trivast med.

Bothild Å. Nordsletten