image description

Jofrid Åsland
jofrid.asland@fkra.no

STØRRE ER BETRE er ein kjend gjennomgangsmelodi i dagens samfunn. Vi skal vekse oss store og tene endå større pengar. Samstundes skal prisane ned. Somme samanliknar Noregs landbruks- og matminister med Margareth Thatcher. Jernkvinna som fekk gjennom store endringar. Ei sterk kvinne som har sett djupe spor. Sylvi Listhaug har og desse kvalitetane. Ho skal ha ære for at ho står gjennom stormen, like støtt som bautasteinen du kan lese om i denne utgåva av Bondevennen. Bautasteinen i Sandnes er eit symbol på jordvern. Spørsmålet er kva Listhaug vernar om.

DET ER KAPITALEIGARANE som sitt øvst i det kapitalistiske systemet. Eigarane nyttar sin kapital til å skaffe produksjonsmiddel, råvarer og gi løn til arbeidarane.
I den britiske dokumentaren “Illusjonen om ei fri presse”, vert det skildra korleis det går når pengeinteresser styrer nyheitene. Det er det amerikanske samfunnet som vert skildra. Korleis djup gravande journalistikk må vike til fordel for lett stoff om kjendisars daglegliv. Journalistane vert styrte mot dei lett omsettelege sakene, som på ingen måte gjer folket smartare. Dokumentaren antyder at akkurat dette spelet er eit bevisst trekk frå øvste hald. At dersom ein gir folket skandalar og sladder vert dei mindre opptekne av kva som verkeleg skjer i verda, som at styresmaktene til dømes går til krig. Det norske landbruket er ikkje i krig, men jordbruksoppgjeret har vore uvanleg heitt. Kan hende er det eit teikn på at produksjon av mat er endå viktigare enn før.

MANGE HAR HØYRD ordlyden; det er pengane som rår. Blåtenkande vil la marknadskreftene styre. Medan opposisjonen er for ei viss styring frå staten. Politikarane kastar skuldspørsmålet fram og tilbake, med debattleiaren som linjedommar. Journalistane jaktar overskrifter og Bondelaget spreier bodskapen i form av møkk i gatene. Felles for oss alle er at me har noko me vil selje. Anten det er bodskap eller varer.

PENGAR KAN VERE drivkraft for både godt og vondt, men kanskje er det ikkje verken eller. Storbøndene gir uttrykk for at dei gjerne vil ha med dei mindre produsentane på laget. Medan dei mindre er avhengige av dei store. Somme teiknar eit bilete av ei splitta næring.
Me vil aldri kunne skru tida tilbake. Bønder og industrien kring dei må følgje utviklinga og krava om auka produktivitet.
“Bønder er bra. Blide og gla”, er Eid bondelags slagord. I sommarportrettet kan du lese om ein bonde som trur på landbruket og bygda si. Tru er avgjerande for suksess. Me må finne ei kraft som er sterkare enn pengar, ministrar, politikarar, maktspel og overskrifter. Poenget er ikkje å lulle seg inn i ein illusjon som ikkje har rot i kvardagen. Håpet er at politikken som vert gjeldande vernar om landbruket. Fakta er at bøndene produserer maten alle må ha for å overleve. Der ligg ei kraft me ikkje skal undervurdere. Listhaug er kanskje eit symbol på akkurat det?