I vår vart staten og Bondelaget samde om ein auke i «inntektsmulighetene» for bøndene på vel 110.000 kroner per årsverk. Pengane er meint å vera i boks før neste års jordbruksoppgjer. Alt nå viser det seg å skulle halda hardt. Iallfall for produsentane av storfe og svin.

For i førre veke annonserte Nortura at dei reduserer prisen for dette kjøtet. Fire kroner mindre for kiloet storfe. 80 øre mindre for kiloet svin. Grunnen er lågare sal enn forventa siste året, forklarer Nortura.

Dette skuldast ikkje berre ein våt eller for tørr grillsesong, men at stadig fleire merkar dyrtida. Kjøpekrafta minkar. Når i tillegg klima- og kosthaldsargumenta slår inn der ein står med entrecoten i kjøledisken – ja, då legg fleire pakken ned att og trillar vidare.

«Dramatisk», «tragisk» og «forferdeleg », skriv vantru bønder på sosiale medier. Frustrasjonen er stor over kjensla av å bli mindre verdt, slik somme uttrykker det.

Betre blir det neppe av at Norges Bank dagen etter Nortura-kuttet for 12. gong på to år sette opp styringsrenta. Den er nå på fire prosent – det høgste nivået sidan oktober 2008. Sjølv for dei med mindre lån byrjar det svi skikkeleg.

Men Nortura, på si side, står til livet i dilemma. Verktøya for å løysa dei er avgrensa og dels oppbrukte. På grunn av WTO-forpliktingane våre fall reguleringseksport bort frå 2021. Tidleg slakt er eit produksjonsregulerande alternativ, og for somme kanskje også naudsynt grunna tørke og fôrmangel. Dette kan letta situasjonen på sikt, men det vil òg kunne pressa dagens lagerkapasitet. Samvirket har søkt Omsettingsrådet om å få frysa inn meir storfekjøt på reguleringslager enn dei fastsette 2500 tonna årleg. Alt i juli ga Landbruks- og matdepartementet høve til å legga inntil 4000 tonn svinekjøt på reguleringslager, på grunn av den ekstraordinære nedgangen i salet hittil i år. Departementet har samstundes klare forventingar om at Nortura heller skal nytta pris for å regulera marknaden framover.

Så då må salet opp. Spørsmålet er korleis. Grillsesongen er straks over og prognosane tilseier vidare nedgang i salet. I følgje ei undersøking frå Danske Bank omtalt av NRK, er folk meir uroa for matprisen enn av renta. Renta går på autotrekk éin gong i månaden. Prislappane i butikken ser du kvar dag. I så måte ville det vore rimeleg om lågare betaling til bonden også gjorde seg utslag i lågare pris til forbrukar. Kva prisen landar på, er likevel eit ope spørsmål før kjøtet blir kverna gjennom matkjedane sine uransaklege kalkylar.

Det kviler eit tungt ansvar på Nortura for å finna løysingar som hindrar at fleire husdyrbønder avviklar. Det kviler også eit ansvar på faglaga for å nå fram med grep som fungerer for medlemmene. Størst ansvar har likevel styresmaktene, som vedtar jordbrukspolitikken.

Kanskje er tida inne for eit tak på kor mykje kjøt kvar gard kan produsera, slik Bonde- og Småbrukarlaget føreslår. Eller tak for husdyrtilskot. For ikkje å snakka om å tetta hola i importvernet, så det ikkje raknar heilt, og heile marknadsreguleringa ryk.

Bothild Å. Nordsletten