Eit klimaopprør ulmar i Senterpartiet, melder Vårt land. Fleire partimedlemmar er uroa for at vekta som vert lagt på distriktspolitikk, reform- og avgiftsmotstand har gitt partiet ein utydeleg klimaprofil.

Alvoret i klimasaka kallar eigentleg på politisk og økonomisk unnatakstilstand. Å ha ein profil på feltet er ikkje det viktigaste. Alle parti har det i større eller mindre grad. CO2-utsleppa aukar like fullt. Det vesentlege er å ha mot og evne til å gjennomføre dei gjerne upopulære tiltaka som trengst for å stagge global oppvarming.

Også Sp er sjølvsagt på saka. Partiet støttar opp om hovudlinjene i norsk klimapolitikk og ynskjer på fleire punkt å gå lengre enn regjeringa. Til dømes seier Sp nei til ein tredje rullebane på Gardermoen og ynskjer treplanting for CO2-fangst.

Truverdet blir likevel svekka av motstand mot flysete- og dieselavgifter og i stormoffensiven mot sentralisering. At partiets næringspolitiske talsmann, Geir Pollestad, prioriterer å harselere i media over det han meiner er sure, uengasjerande klimaleiarar, heller enn å løfte fram eigen politikk, hjelper nok heller ikkje på omdømet. I dag framstår landbruket som meir frampå i dette spørsmålet enn Sp, som meiner å representera næringa. Inntrykket er, langt inn i eigne partirekker, at den grøne politikken ikkje er ambisiøs nok. At «opprøret» kjem nett i Sp, skuldast at partiet i så sterk grad legg vekt på forvaltaransvaret og nærleiken til dei grøne næringane. Med det utgangspunktet burde Sp ha dei beste føresetnader for å ta leiartrøya i klimakampen. Det er vonbrotet over at dei ikkje har gjort det, me no merkar.

Fleire partimedlem ynskjer difor ein klårare klimaprofil og bur seg på debatt under landsmøtet 22.-24.mars. Senterungdommen har varsla ein eigen klimaresolusjon. Tidlegare partileiar, Åslaug Haga, har inspirert fleire med oppmodinga om å setta ein sluttdato for avvikling av oljenæringa.

Svein Sundsbø, tidlegare generalsekretær i Sp og landbruksminister i Willoch-regjeringa, tar i Vårt land til orde for at partiet bør snakka meir med MDG og bli samde om kva som bør gjerast. Stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen er heller ikkje framand for tanken. Og det er ein interessant tanke. Partimotsetnadane er openberre. Men det er òg likskapane, les forvaltaransvaret.

Med knallmålingar på 16 prosent, ser det ikkje akkurat ut til at Sp har tapt på ein forsiktig klimaprofil. Sjansen for å styrka oppslutnaden ennå meir aukar likevel ved å spissa og kringkasta eigen politikk nett på dette området. Kombinasjonen av truverd på landbruk, matsikkerheit, beredskap og grøn verdiskaping utgjer ei framtidsretta vinnaroppskrift som Sp ikkje har tatt ut potensialet i.

Eit er iallfall sikkert. Parti som famlar i klimapolitikken, kjem til å enda på historias skraphaug.

Bothild Å. Nordsletten