image description

GODE BV-LESAR

I juleutgåva av Bondevennen roar vi ned. -Ta krakken bortåt glaset, innleiar Prøysen i Julekveldsvise. Vi tar oss tid til ettertanke og refleksjon, kanskje får vi formidla litt av den gode kjensla. I så fall har vi nådd målet med årets siste Bondevenn. Og du treng ikkje frykte for fagleg abstinens, litt fagstoff har vi også med.

Er vi framme nå? Svaret er ja. Teknologien har ført oss frå steinalder til høgteknologisamfunnet. Stig av og velkommen til lukkelandet, der vi haralt. Med eit tastetrykk startar el-bilen, vaskemaskina og mjølkeroboten. Vi likar å tru at vi har kontroll. Men så er det denne nissen som er med på lasset, eller elefanten i rommet, for å bruke ein moderne sjargong.

Konkurranse og samanlikning styrer oss meir enn vi likar å innrømme. Er vi ikkje betre enn konkurrentane er det byrjinga på slutten. Dei økonomiske lovene er som jungelens lov, anten konkurrerer ein ut konkurrentane eller så blir ein utkonkurrert, den sterkaste overlever.

Og vi samanliknar. Det vil alltid vera nokon som er sterkare, sprekare, smartare, har meir eigedom, meir pengar, meir makt. Effekten av å samanlikne er sterkt undervurdert. Det er ei enorm drivkraft som driv økonomien framover, men som slit ut den enkelte. Samanlikning er eit ypparleg reiskap for aldri å bli tilfreds.

Einsidig prioritering av pengar, makt og eigedom er ikkje heldig, korkje for den enkelte eller for samfunnet. Det gjer oss nærsynte og nedvurderer verdien av fellesskapsløysingar. Vi beklagar at vi har ein einauga landbrukspolitikk, utan breiddesyn. Politikken akselererer ein situasjon der stort blir for lite og der stadig nye skal ut av næringa.

I Bondevennen ønskjer vi å vera tett på det pulserande livet. Vi reiser land og strand og møter kvardagsheltar med optimisme og pågangsmot, men kan også treffe på mismot og folk som stiller kritiske spørsmål ved utviklinga. Vi ønskjer å sjå sakene frå fleire sider, formidle eit ærleg bilete og styra unna propaganda. Takk til deg som stiller tid og kompetanse til disposisjon for ein journalist som ynskjer å formidle din innsikt, di erfaring og dine haldningar til andre. Gjennom det styrker du fellesskapet. Tusen takk. Vi bankar på nye dører i 2016.

Det skal sjølvsagt svare seg å vera dyktig, nøyaktig og arbeidssam. Vi har alle godt av litt konkurranse, først og fremst i forhold til oss sjølve. Vårt juleønske er at retninga på utviklinga meir skal handle om ei berekraftig utvikling for landbruk og bygder, enn at bøndene blir ei brikke i det store økonomiske spelet.

Julehelsing frå Bondevennen.

Eirik Stople