Planen for korleis 100 millionar liter mjølk skal kuttast ettersom eksportstøtta til Jarlsberg forsvinn, kjem først om nokre dagar. Alt no ser me likevel teikn til korleis nedskaleringa skapar ringverknadar også utanfor meierisektoren.

Det er eit varsku han kjem med, Per Harald Vabø, administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA), når han i denne utgåva av Bondevennen kringkastar behovet for omstilling og endring.

Etter fleire gode år med aukande omsetting flatar veksten ut, opplyser direktøren. For FKRA inneber det komande kuttet i mjølkemengda at salet av drøvtyggjarfôr blir mindre. Samstundes flatar også totalmarknadene for svin- og fjørfefôr ut. Samla sett peiker denne nedgangen i retning av 24 millionar kroner mindre i resultat for samvirkeføretaket dei neste åra.

FKRA har nok rygg til å tola kneika, men når volumveksten går ned, må ein likevel ta grep på kostnadssida for å halda på konkurransekrafta. Kva grep? Bør prisane opp, skal ein kutte i kostnadane, eller begge delar? Det er i stor grad opp til FKRA sine drygt 8000 eigarar å diskutera og avgjera.

Jordbruket har klart seg gjennom djuptgripande endringar og omstillingar før. Det er likevel ikkje til å undrast over dersom alvoret kjennest ekstra tungt denne gongen. For det store mjølkekuttet er berre éi i rekka av utfordringar som næringa står andsynes. Forbruket av drikkemjølk stuper. Veksten i kjøtforbruket har flata ut. Nye kosthaldstrendar kan skapa uvisse for dei som vil satsa på tradisjonelt husdyrhald. Jordbruket har forplikta seg til store klimakutt. Og ei ny og truleg strengare gjødselvareforskrift er i emning. Alle desse faktorane har konsekvensar for måten næringa er rigga i dag.

Som sjølvstendig næringsdrivande er dette alvoret noko kvar einskild bonde må ta inn over seg og finna si løysing på. Det er ikkje ei lett oppgåve for nokon, men som samvirkemedlem står du iallfall mindre aleine. I kraft av medeigarskapen er det også råd å vera med på å forma vegen vidare.

FKRA-bonden må no gripa høvet til å seia si meining og til å påverka utviklinga. Grasrotengasjementet i samvirket har mykje å gå på før det når tidlegare tiders lydnivå. At leiinga enno sit tett på grasrota, i Stavanger, og ikkje på konsernkontor i Oslo, bør gjera det lettare å gripa ordet, og bli høyrd. Denne nærleiken er det verdt å kjempa for, noko mangt eit tidlegare medlem av lokale samvirke som Agro og Rogalandsmeieriet, no Nortura og Tine, kan vitna om.

FKRA sin årlege serie med medlemsmøte startar måndag. Behovet for omstilling blir tema på 18 samlingar frå Froland i sør til Jondal i nord. Møt opp. Tal fritt. Dyrk medlemsdemokratiet – og stak ut kursen vidare, i lag.

Bothild Å. Nordsletten