”Landbrukspolitikken blir ein heilt annan med KrF i regjering.”
Landbruks-og matminister Olaug Bollestad til Krf sin landskonferanse 26. januar

Det var ikkje gitt at den nye regjeringsplattforma skulle stadfesta berebjelkane i den norske landbruksmodellen, men dei er på plass: Importvernet, samvirkebaserte marknadsordningar, årlege jordbruksforhandlingar og ein eigedomspolitikk som sikrar den sjølveigande bonden. Pålane står. Det er positivt.

KrF skal ha ære for den kjende ordlyden. Medan avvikling av pelsdyrnæringa og forbodet mot nydyrking av myr framleis frustrerer, var letnaden merkbar i jordbruket. Næringa hadde frykta ei ytterlegare blå-liberal dreiing.

Mange er også spente på Olaug Bollestad som ny landbruksminister – den første frå matfylket Rogaland på 86 år. Som tidlegare ordførar i jordbrukskommunen Gjesdal, har ho gode kontaktar i næringa. Bollestad har måka lort og veit korleis ein pelsdyrfarm ser ut frå innsida. Slike erfaringar er ikkje lenger sjølvsagt hjå ein fagstatsråd. Tida vil visa kva dei er verdt i den politiske kvardagen. Om engasjementet for landbruket verkar ekte i partiet som i opposisjon vart kjend som «landbruksgarantisten», kan manøvreringsrommet som juniorpartnar mellom Høgre, Framstegspartiet og Venstre fort bli trongt.

Og kor vil Krf i landbrukspolitikken? Dei blå-grøne har i alle fall vore tydelege på retninga. Volumdrivande tilskot, kraftfôrsubsidiering, færre og større bruk. Det er, akkompagnert av aukande import, tidas melodi. Den nye regjeringsplattforma, velsigna av Krf, endrar ikkje Listhaug-kursen.

Det er fint å registrera at framlegga om skroting av odelslova og liberalisering av jord-og konsesjonslova er ute. Elles er styringsdokumentet oppsiktsvekkjande fritt for konkrete og forpliktande målsettingar. Språket er vagt. Det er som om regjeringskameratane ikkje har registrert regnet i 2017, tørken i 2018 og tiltakande klimaendringar. Verdas og vår eigen matproduksjon står andsynes svært alvorlege utfordringar. Likevel evnar ikkje regjeringa eingong å formulera ei målsetting om beredskapslager for korn. Ei heller eit mål om å auke sjølvbergingsgraden til 50 prosent, korrigert for kraftfôrimport. Kva skal me eigentleg med ein nyoppretta minister for samfunnssikkerheit, dersom ho ikkje har ein plan for å trygga det mest grunnleggjande førstelinjeforsvaret vårt – føda?

Reint motsetnadsfull blir regjeringserklæringa når den i landbrukskapittelet slår fast at importvern er viktig, medan økonomikapittelet stadfestar at regjeringa vil arbeida for gjensidig reduksjon i tollsatsane for å auka frihandelen, samt for handelsavtalar med landbruksgigantar som Brasil og Argentina. Me er ikkje trygge på at regjeringa vil makta å stå opp for norsk, grasfôra storfe i møte med langreist og billeg pampasbiff. Skulle Mercosur-avtala med dei sør-amerikanske landa bli ein realitet, vil ikkje berre klimagassutsleppa per kg raudt kjøt auke. Norske bønder vil truleg måtte kutte i eigen produksjon også.

At jordbruket kjende letnad då regjeringsplattforma vart betre enn frykta, er forståeleg, men også urovekkjande. Reaksjonen talar høgt om kor lågt ambisjonsnivået har blitt, også innad i næringa. Her gjeld det å sitte stille i båten og berge det ein har. I praksis fører det til at bondeorganisasjonane har blitt konservatorar for ein jordbrukspolitikk som sårt treng realitetsorientering og kursendring.

Forverra dyrkingsforhold, folketalsauke og færre bønder ropar på djerve visjonar og konkrete tiltak for morgondagens matproduksjon. Dei manglar i regjeringsplattforma, slik dei manglar i den generelle landbruksdebatten.

Det komande jordbruksoppgjeret gir både Krf og bondeorganisasjonane høve til å vise at dei innser alvoret og til  endra kursen.

Bothild Å. Nordsletten