Det skjer nok ikkje ofte, men førre torsdag ljoma geitelokken på Stortinget. Mest fem timar inn i næringskomiteen si opne høyring om den nye jordbruksmeldinga kvapp representantane til og smilte, sikkert takksame for eit kulturinnslag. Bodskapen frå den påfølgjande talaren fekk derimot smila til å forsvinna.

– Du må vera optimist om du skal driva geiteproduksjon høgt til fjells, sa 29-årige Sigurd Leirvik Brekk frå Solvang gard, 800 m.o.h i Hedmark.
Han viste til framlegga i jordbruksmeldinga om å avvikla marknadsreguleringa på geitemjølk og avvikla mottaksplikta til Tine, samt om å gjennomføra ei geografisk- og tidavgrensa oppkjøpsordning av geitemjølkkvotar. Den ungen bonden fryktar for framtida for bruket sitt og for norsk geitenæring, dersom framlegga skulle gå gjennom. Uroa i næringa gjer seg gjeldande også andre stader i landet.
– Du må vera hard i hovudet for å halda på med dette, seier geitebonde i Gjesdal, Trond Bårseth i gardsreportasjen vår denne veka.

Geitebøndene gir uttrykk for å ha vore gjennom mykje. Det er ikkje få kroner og arbeidstimar dei har lagt ned i omfattande sjukdomssanering og tiltak for å heva kvaliteten på geitemjølk dei siste 15 åra. Saman med Tine og det offentlege har dei investert om lag éin milliard i omstillingsprosessen, inkludert i prosjektet «Friskere geiter». Resultatet er ei radikal kvalitetsforbetring av mjølka og langt fleire friskare geiter.

Før saneringa var det om lag 800 geitebønder i Noreg. Talsmenn for dei 300 som er att, etterlyser føreseielege forhold for å kunne byrja å ta ut gevinsten av dei store investeringane som er gjort. Det er ei sta, men sårbar næring som no freistar å minne styresmaktene om kor viktig geita er for pleie av kulturlandskapet, for arbeidsplassar i distriktet og for den brunosten som er så viktig for oss nordmenn. Ja, geita er viktig for regjeringa sitt truverd i eiga målsetting om landbruk i heile landet.

Leveransen av geitemjølk var i fjor på 20,4 mill. liter. Av dette blir 15,3 mill. liter til brunost og kvitost. Resten blir eksportert til USA som salatosten Frozen Curd, ein liten del blir til fôr. Etterspurnaden etter geitemjølk stig internasjonalt, men ikkje her heime, merkeleg nok. Resultatet er overproduksjon.
Tine, Bondelaget, Norsk Sau og Geit med fleire, går imot framlegget om å fjerna marknadsreguleringa av geitemjølk. Tine argumenterer klokt med at det nettopp i produksjonar under omstilling er behov for marknadsbalanserande verktøy. Tine ynskjer heller ikkje at mottaksplikta skal avviklast. Samstundes er ein ikkje framand for tanken om ei frivillig, tidsavgrensa oppkjøpsordning av mjølkekvotar.

Det er slett ikkje gitt at Stortinget til slutt vedtek geiteframlegga. Uansett er det grunn til å stille spørsmål om det blir gjort nok for å utvida den marknaden som næringa er avhengig av. Forbrukaren vil ha norsk mat. Når veksande etterspurnad etter mjølk blir dekka av ein markant auke i import – har me då teke ut heile potensialet i vår eiga, supre geitemjølk? Vonleg blir geitelokken å høyra høgt til fjells og langt frå Stortinget, i framtida.
(Du kan sjå geitelokken og høyringa om jordbruksmeldinga på Stortinget si nett-tv-side.)

Bothild Å. Nordsletten