image description

 

Jordbruksavtalen er ein balansekunst av rang. Faglaga har mål om å balansere økonomien til bonden innanfor produksjonar, distrikt og struktur. Avtalen er jordbruket sitt tariffoppgjer, der faglaga sin prioritet nummer ein er å sikre inntektsmogelegheiter, på linje med andre grupper, til aktive bønder i heile landet. Jordbruksavtalen handlar også om verdiar som miljøvenleg produksjon, dyrevelferd, berekraft og sjølvforsyning. Verdiar, som er eit mål i seg sjølv, men som også er avgjerande for politisk legitimitet og forbrukaraksept. Faglaga veit vel at ei politisk betinga næring bare overlever så lenge ho har politisk legitimitet og forbrukaraksept. Støtte over statsbudsjettet og tollskjerming blir avgjort på arenaer som ligg utafor bonden si fjøsdør.
 
Aksept er forresten eit altfor svakt uttrykk. Målet er ikkje bare aksept, men begeistring for norsk matproduksjon og landbruket sine mange samfunnsgode. Forbrukarinteresser handlar mellom anna om matpris, kvalitet og sortiment. Og begeistring for eit produkt som blir assosiert med helse og at ein har tillit til produkta og næringa. Eit meir ope grensevern med auka import betyr at forbrukarpreferanse for norskprodusert mat blir stadig viktigare.
 
Den økonomiske ramma for statens sitt tilbod er meir føreseieleg i år enn i fjor. Då var spørsmålet; ville regjeringa legge fram eit tilbod som spegla partia sine alternative statsbudsjett gjennom ei årrekkje, eller ville partia, i regjeringsposisjon, leggja seg opp mot forventa økonomisk ramme til stortingsfleirtalet. I år veit vi resultatet. Regjeringa la fram eit tilbod som ikkje låg veldig langt unna 2013 ramma, men med sterke strukturelle grep. Tilbodet spegla regjeringa sin målsetting om ein kostnadseffektiv matproduksjon. Med andre ord; ei smalare politisk målsetting. Verdigrunnlaget for den politiske legitimiteten var endra.
Resten er historie. Forhandlingsbrot og instruksjon frå Stortinget. Stortingsbehandlinga legg sterke føringar på regjeringa for årets tilbod. Slik vi tolkar stortingsfleirtalet er bestillinga auka matproduksjon på norske ressursar, noko ein bare kan oppnå ved å sikra eit aktivt jordbruk i heile landet.
 
Totalkalkylen syner at økonomien, i sum, for norsk jordbruk i 2014, kom betre ut enn venta. Fleire forhold har medverka positivt, men effekten av tidlegare jordbruksavtalar ligg i botn for utviklinga. Når vi i 2015 får full effekt av teknisk jordbruksavtale, 2014 – 2015, ventar vi størst positivt økonomisk utslag på bruk med stor grovfôrbasert husdyrproduksjon.
 
Økonomien i kornproduksjonen er faglaga si store utfordring. Vidareføring av kanaliseringspolitikken, med auka volum av norskprodusert korn, er grunnlaget for auka sjølvforsyning. Ein kraftig stimulans av kornproduksjonen må møtast med prisnedskriving for ikkje å ramme husdyrprodusentane med auke i kraftfôrprisen. Prioriteringa vil binde opp vesentlege budsjettmiddel til prisnedskriving.
Om regjeringa vel å ofre kornproduksjonen, noko vi såg tendensar til fjor, gir det større mogelegheit til å stimulera husdyrproduksjonane. Resultatet blir endå større import av råvarer til kraftfôrproduksjonen, og truleg overføring auka husdyrproduksjon frå distrikta til flatbygdene.
 
Vi forventar å sjå eit krav der faglaga kjenner seg forplikta på å balansere motstridande målsettingar, og der auka sjølvforsyning legg sterke føringar. Med signala frå stortingsfleirtalet friskt i minnet, er handlingsrommet til regjeringa for ein annan retning avgrensa.

 

 

Eirik Stople