Framoverlente, kunnskapssøkjande og omstillingsdyktige. Dette er heidersord som ofte blir brukt om norske bønder. Underleg då, at så få av dei var tilstades då det største jordbruksfaglege arrangementet på lange tider gjekk av stabelen midt i det jærske matfatet.

Den vesle Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Bryne har utan tvil gjort mykje for å setta den sjølverklærte landbrukshovudstaden på kartet. For andre gong på halvanna år samla dei nyleg 400 bondevennar i byens storstove til to dagars seminar med nye tankar om landbruk, jord, hagebruk og karbonbindande beiting. Forutan rektor og primus motor, Dag Jørund Lønning, stod internasjonale tungvektarar på scena og formidla ny og høgaktuell kunnskap på engasjerande vis.

Ikkje berre handla det om kunnskap og agronomi som viser veg inn i det grøne skiftet. Like mykje handla det om måtar å bygge nye bruer mellom bønder og omverda på, i ei tid der matprodusentar kjenner seg pressa frå alle kantar.

I salen sat landbruksrådgjevarar frå Nederland og NLR, svenske bønder, kort- og langreiste hagebrukarar, korndyrkarar frå Austlandet og nokre økobønder. Av Rogalands eigne bønder var berre ein handfull å sjå. Fråveret av lokale yrkesfellar vart lagt merke til.

Regenerativt landbruk. Holistisk beitedrift. Permakultur. Framande omgrep? Ja. Mystiske? I grunnen ikkje. I røynda dreier det seg ikkje om anna enn litt ulike formar for såkalla naturnært landbruk.

For naturnært for mange, kan det sjå ut som.

Sjølv om det blir praktisert over store delar av kloden, også på store gardar i USA, tykkjest ideane om eit jordbruk utan plantevernmiddel, kunstgjødsel eller pløying, og etter naturen og dyras eigne prinsipp, å provosera mange. Luka for ny kunnskap blir stengt. Handlar det derimot om store traktorar, dronar og big data, og det gjer det ofte for tida, er interessa stor og motførestillingane få.

Det er eit paradoks. Frå scena på Bryne vart det hevda at me berre har namn på ein brøkdel av organismane i jorda. Likevel møter ny kunnskap om den levande, handfaste molda, den alt liv avheng av, meir skepsis enn kalde robotar og kunstig intelligens.

Svaret på utfordringane i jordbruket er ikkje teknologi aleine, ei heller éin spesifikk agronomisk metode, uansett kor naturnær den er. Svara er mange og samansette, avhengig av klima, topografi og produksjon. At behovet for endringar no presser seg på, er opplagt. Då gjeld det å vera open og mottakeleg for nye idear, og ikkje stritta imot.

Den amerikanske husdyrbonden Joel Salatin traff spikaren på hovudet då han lot følgjande ord falle på Jæren: Det vanskelegaste klimaet å forandra er det mentale. Vårt svake punkt ligg mellom øyrene. Ikkje ute i åkeren.

 

Bothild Å. Nordsletten