image description

BALANSERINGSUTVALET har granska marknadsreguleringa. Med konkurransebrillene på har landbruksministeren sett behov for å gå marknadsordninga etter i saumane, og sjå om det er noko poeng i ordninga. «Som bonde og råvareprodusent veit eg at marknadsordningane fungerer. Marknadsordningane syter for at eg er sikra at nokon kjøper varene mine til ein skikkeleg pris», skriv Frøydis Haugen i eit lesarinnlegg i denne utgåva av Bondevennen. Ho er leiar av Hordaland Bondelag.
No har fleirtalet i utvalet også funne ut at ordninga fungerer.

SAMVIRKEBEDRIFTENE Tine, Nortura og Norske Felleskjøp regulerer marknaden når det kjem til produkt frå jordbruket. Produksjon av kyllingkjøt er ikkje med i ordninga. Ansvaret dei tre bondeeigde bedriftene har på sine skuldrer er ikkje lite. Dei skal sikre ein stabil marknad for både bonde og forbrukar. Bonden får seld sine varer til stabile prisar. Forbrukaren skal vere sikra at det kjem varer til butikken. Alt saman kan me lett ta for gitt.

I RAPPORTEN FRÅ utvalet blir det konkludert med at mottaksplikta sikrar produsentane avsetning, og på den måten bidreg til eit landbruk over heile landet. Samla sett meiner utvalet at marknadsreguleringa fungerer, men peiker også på nokre utfordringar. Slik som samvirket si dobbeltrolle som regulator og kommersiell aktør. Utvalet peiker på at rolla kan vere uheldig, og at systemet er bygga på tillit. Dette fordi systemet er så komplekst at det er lite gjennomsiktig for utanforståande. Rapporten teiknar eit bilete at eit system som ber preg av lappeteknikk og uklar struktur. Noko som igjen kan bidra til misoppfatningar og konfliktar mellom aktørane. Rådet til landbruksdepartementet er: uansett korleis marknadsbalanseringa blir ført vidare bør omsetningslova og forskrifter gås gjennom, og eit regelverk tilpassa dei funksjonane systemet er meint å ta vare på etablerast.

AT UTVALET oppmodar til eit enklare system sklir rett inn i landbruksministeren sin stil. Sylvi Listhaug har meir enn ein gong teke til orde for å gjere ordningane kring landbruket enklare. Samstundes veit me at ofte er det ein grunn til at ting er som dei er. Ei endring kan få konsekvensar me ikkje ser ved første augekast. Å endre berre for å endre er sjeldan eit lurt trekk. I rapporten vert det konkludert med at systemet er komplekst og vanskeleg å forstå. Me ventar at landbruksministeren forstår systemet før ho gjer eventuelle endringar. Det er vårt minste krav. Mister ein først balansen kan det ta tid å vinne den att.

Jofrid Åsland