image description

Denne veka lanserte Tine rådgjeving rapporten Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk med mjølkeproduksjon. Rapporten bygger på erfaringar frå 36 utbyggingsbruk for mjølkeproduksjon i Rogaland, som investerte i nye kufjøs i perioden 2008-2011. Prosjektleiar har gjennomført intervju med utbyggarane om korleis dei opplevde utbyggingsfasen og dei første åra etter. I regi av prosjektet er det også utført ein økonomisk analyse av prosjektbruka.

– Målet med prosjektet er overføring av kompetanse for å læra av dei som om har vore gjennom ein utbyggingsprosess. Vi har lagt vekt på å identifisera dei kritiske fasane før, under og etter utbygginga. Slik kan framtidige utbyggarar få eit betre erfaringsgrunnlag å bygga sine planar og avgjerder på, fortel prosjektleiar, Torfinn Nærland, i Tine rådgiving.

I den økonomiske analysen har ein sett på resultat før avskriving og på gjeldsutviklinga på utbyggingsbruka, og samanlikna resultata med forventningane i driftsplanen fram til år fire etter utbygginga. Eit talmateriale, og ikkje minst middeltal for ei gruppe, må alltid behandlast med varsemd. Det er store individelle forskjellar på økonomisk resultat, alt etter kor godt ein lukkast med produksjonen og kva ressursgrunnlag og utgangspunkt ein har.
Rekneskapstala viser at dei faste kostnadane er vesentleg høgare enn planlagt, og gjeldsutviklinga dei første fire åra etter utbygginga ligg over tala i driftsplanen. I snitt hadde prosjektbruka ei samla gjeld på kr 7.450.000. Resultat før avskriving var i middel kr 813.000. Dette beløpet skal dekka renter og avdrag, skatt og privatforbruk.

På spørsmål om prosjektbrukarane si oppleving av privatøkonomien svarar 67 prosent at den er som før, 22 prosent svarar at dei må ta meir arbeid utanfor garden/redusere privatforbruket, og 11 prosent har ikkje svara. Mange spring fortar, men for kven?

Gjennom rapporten har Tine gjort eit banebrytande arbeid, med stor nytteverdi for eigarane. Rapporten medverkar til å gå frå synsing til å dokumentera verkelegheita. Prosjektet er særleg interessant ved at det ikkje bare presenterer ein økonomisk analyse, men går bak tala og gir faglege vurderingar. Kva er det som kjenneteiknar handlingsmønsteret til dei som lukkast, kontra dei som får utfordringar?

Med innføring av robotfjøs snakkar vi om eitt av dei store spranga i utviklinga av norsk mjølkeproduksjon. Pionerane var inspirerte av danske landmenn. Prosjektet gir nyttig erfaringsmateriale som framtidige utbyggarar kan dra nytte av. Dei har større mogelegheit til å veta kva som ventar og å gjera bevisste val i forhold til det. For det er nettopp det mykje handlar om, å vera budd på ein annleis kvardag. Ein kjem ikkje utanom spørsmålet: Kva ynskje har familien for garden og framtida?
– Det er kritisk viktig å legga til rette for korleis produksjonen skal aukast i det nye fj øset, konkluderer Nærland.
Eitt av grepa er å dela utbygginga inn i ulike fasar med merksemd på klart defi nerte oppgåver i kvar fase. Resultata av det ein gjer i den eine fasen får konsekvens for om det blir suksess eller utfordringar i neste fase.

Informantane har vore tydelege på kompleksiteten i endringane ved å gå frå eit båsfj øs med 100-200.000 liter til eit robotfj øs med ein produksjon på 400-600.000 liter mjølk.
– Kunne du auka 50.000 i året i fire år, så er det fantastisk mykje betre enn å auka 200.000 på eitt år. Då kan du fylla på med det du har sjølv i oppdrett, uttalar ein bonde i 30-åra.

Korleis gjekk det?
– Studien viser store forskjellar mellom dei som lukkast økonomisk, kontra dei som ikkje får så gode resultat. Det er behov for å sjå meir på korleis bonden løyser leiarrolla, er ei av oppsummeringspunkta til prosjektleiaren.
Utviklinga i mjølkepris, innretting av strukturen i jordbruksavtalen og rentenivået har arbeidd i favør av utbyggarane dei siste åra. Talmaterialet i rapporten viser, at det for mange, har vore eit nødvendig løft.

Eirik Stople