Sorgen og gleden de vandre til hope (…) solskinn og skyer de følges og ad.

Seinsommaren 2022 er Thomas Kingo si eviggyldige salme frå 1681 passande tonesetjing også til eit svært kontrastfylt bilete for bøndene i sør og vest.
Medan ein på Jæren jublar over flotte grovfôravlingar, ekstra mange gule kornåkrar og bugnande grønsaksfelt, regnar nordvestlandet vekk. Mange har ikkje kunna ta andreslåtten og gruar med tanke på vinterfôret.

Samstundes vil den ironiske lagnaden, saman med ein marknadsstyrt kraftpolitikk, det slik at vasstrekte bønder nordover slepp unna med rimelegare straumrekning enn dei velberga kollegaene i sørvest.

Grønsaksbønder på Jæren vurderer no å molda ned avlingane om dei ikkje får støtte til straumen som skal kjøla lagera fram til neste sesong. Og lik resten av næringslivet, slit også Nortura med skyhøge energiutgifter til slakteria.
At grønsaksbønder må grava ned tonnevis med agurk og heile blomkålåkrar, er ikkje nytt. Slik absurd ressurssløsing følgjer av priskrig i ein marknad som ikkje skil mellom naturens gåver og spiker.

Men at straumpris skal køyra prima mat rett i komposten er heller ikkje til å leva med. Ikkje i eit år då flaum, tørke, brann, massiv avlingssvikt og krig gjer tilgangen til mat meir usikker. Ikkje noko år.

Visst må næringsmiddelindustrien spara straum – dei har ein del å gå på. Visst må også bøndene sjå på måtar å knipa inn energibruken på. Mange er alt godt i gang. Solcelle-føretaka opplever massiv pågang. Me høyrer og skriv om bønder som ønskjer private vindturbinar, smarte opplegg for varmeresirkulering eller biogass frå eigen gjødsel. Fleire av løysingane for å bli mindre avhengig av, – frikopla seg frå – eller sjølv bidra med kraft inn til nettet ligg ennå fram i tid, (sjå s.5). Dit skal me jo, men det skjer ikkje over natta, ei heller er det gratis.

Undervegs bør bønder og samvirke i kraftnasjonen Noreg kunne forvente at staten stiller opp for å trygga den stadig meir dyrebare maten dei produserer. Det er nok mange som saknar den handlekrafta i straumkrisa som førre regjering synte under pandemien, og det med rette. Ikkje minst med eit så dramatisk globalt bakteppe burde det vera sjølvsagt at styresmaktene raskt kjem på banen med beredskap for så vel jærske grønsaksbønder, som for dei i nordvest som kan mangla fôr.

 Kombinasjonen av stigande matprisar og bønder som omsynsvis moldar ned maten eller må sjå den regna vekk, påkallar nemleg berre ’sorgen’.

Bothild Å. Nordsletten