Dei mange åtvaringane om fôrmangel, masseslakt og mjølkemanko til trass – i haust produserer husdyrlandbruket for fulle muggar på nesten alle frontar. Berga av importert halm og proteinar opplever me dermed paradoksalt nok både overproduksjon og minkande sjølvforsyningsgrad på ein og same gong.

Stoda for mjølk er illustrerande. Bøndene tok signala då forholdstalet vart auka frå 0,99 til 1,04 i august. Mange venta med å slakte kyr og auka kraftfôrrasjonane. Som ein konsekvens auka mjølkevolumet såpass at Tine ventar å sitja med 18 millionar liter meir mjølk enn det er bruk for i år. Overskotet kan heldigvis brukast til ost, smør og mjølkepulver, men det er venta at neste års forholdstal blir kutta monaleg, med meir slakting og fullare lager som moglege konsekvensar.

Blir 2018 eit unntaksår, eller blir ekstrem varme og rekordnedbør om kvarandre regelen? Prognosane tilseier meir av alt og til uføreseielege tider. Då er det, så langt det er råd, klokt å bygge beredskap for det.

Ingen kan klandre dei som har auka kraftfôrdosane etter at det kneip i år. Bonden gjer det som løner seg. Samstundes er det på tide å stille spørsmålet: Dersom det er gode pengar i å produsera mjølk med ein fôrrasjon på rundt 50 prosent kraftfôr i år – kva skulle grunnen vera til å endra fôrsetelen til neste år?

Medan fôrråvarene strøymer over grensa, er vårt eige grovfôrpotensial underutnytta, beitebruken minkar, og Noreg gror att. Må kraftfôrprisen opp for å stimulera til auka grovfôrproduksjon? Sjølv ikkje Bonde- og Småbrukarlaget klarte å konkludera i den betente saka under landsmøtet nyleg. Likevel, svaret er nok ja. Men ikkje som det einaste tiltaket. Dersom kraftfôrprisen hadde auka i år, hadde fleire bønder risikert konkurs. Det ville vera heilt uakseptabelt. Andre, sterke verkemiddel som stimulerer til meir grovfôrproduksjon og beitebruk må også til.

I graslandet Noreg har Felleskjøpet Rogaland Agder nett ferdigstilt ein av Europas største kraftfôrfabrikkar, med ein produksjonskapasitet på 560.000 tonn i året. «Nøkkelen til framtidig matproduksjon» erklærer kundemagasinet Vårt Felleskjøp på framsida av siste utgåve. Ja, slik kan det sjå ut til å bli.

I så fall, og medan me ventar på norske alternativ til soya og mais, bør politikarane vera ærlege om kva dei eigentleg meiner med målsettinga om «meir mat på norske ressursar».

Bothild Å. Nordsletten