No byrjar dei økonomiske nøkkeltala for 2017-landbruksrekneskapa å bli kjent. Samstundes med at snitt-tala frå Haugalandet, Jæren og Dalane blir presentert, kjem det dystre meldingar frå marknaden, som dessverre varslar om krevjande tider. Stikkorda er kjente; overproduksjon, endra forbrukartrendar, renteauke og kostnadar knytt til klimaendringane.

Pelsdyrbøndene har mest å stri med. Skinnprisane har vore låge, og på grunn av dei sterke politiske signala om nedlegging av næringa, har farmarane trøbbel med å skaffa ekstra kreditt, i dei tilfella dei har bruk for det.

Mjølkeproduksjonen er sjølve lokomotivet i det norske landbruket. Produksjonen er regulert med kvotar. Tine har levert, og dei som får eit mjølkeoppgjer inn på kontoen kvar månad, har grunnlaget på plass for ei rimeleg trygg og føreseieleg inntekt. Som alltid varierer inntekta mellom bruka. Om me ser på nøkkeltala for Jæren og Dalane for 2017, nådde den beste tredjedelen eit dekningsbidrag på 5,76 kroner per liter mjølk, medan resultatet for tredjedelen i motsett ende kunne notera 3,81 kroner i dekningsbidrag. Grovfôrsituasjonen etter regnsommaren i 2017 førte til at ein del bønder måtte skru opp kraftfôrbruken, noko som sjølvsagt har slått inn i rekneskapen. Om me reknar at ein del har måtta halda fram med høgare kraftfôrdel og meir innkjøpt grovfôr enn normalt, også i år, på grunn av tørke og lite heimeavla grovfôr, kan me venta store skilnadar i dekningsbidrag i mjølkeproduksjonen også dette året. Rekneskapsførarar me har snakka med, held fram at kostnaden med for lite grovfôr dei to siste åra også vil syna att i rekneskapa for både 2018 og 2019.

Gode tilskotsordningar bergar resultatet for dei som driv med både sau og ammekyr. For mykje sau og lam i marknaden syner att i rekneskapen. Heldigvis viser prognosane at marknaden vil balansera i 2019. Det er framleis for lite raudt kjøt i den norske marknaden, noko som er positivt for dei som driv med storfekjøtproduksjon.

Om me jumpar over i bingane til slaktegrisprodusentane, les me frå Jæren og Dalane at inntekta deira i 2017 synte eit snitt dekningsbidrag på 352 kroner, ørlite ned i høve til dei to føregåande åra. Dei som driv med smågrisproduksjon har merka kostnadane med overproduksjon langt sterkare. Jæren og Dalane har summert dekningsbidraget for 30 smågrisproduserande bruk til 13.232 kroner per purke i 2017. Dei to føregåande åra var talet over 15.700 kroner. I 2018 er smågrisprisen ytterlegare redusert. Det betyr at dei som har investert tungt i smågris siste åra, har det langt meir krevjande enn kva budsjetta la opp til då investeringa vart gjort.

Den samla gjelda i landbruket har auka dei siste åra. Mange er meir sårbare enn før. Konsekvensen av svak drift over tid vil difor lett bli større når marknadssituasjonen er slik som no. Å halde streng kontroll med kostnadssida framover, vil vera viktig, saman med utnytting av potensialet som ligg i å løfta produksjonsresultata på garden.

Me sluttar oss til rekneskapsføraren som ut frå lang erfaring meiner at dei fleste bøndene handterer ein hard runde som dette, heilt fint. Å stella godt i fjøset og halda tett kontakt med rådgjevarapparatet er elles eit råd som gjeld same kva veg pilene peikar.

Sjur Håland