Den russiske invasjonen av Ukraina er ikkje berre ein tragedie for Ukraina. Det er ein tragedie for Europa og verda. Mykje blir annleis heretter. Store, felles oppgåver, frå demokratibygging til handtering av klimarkrisa, hamnar i skuggen av eit brutalt maktspel. I staden for framgang, har me fått eit nedrig tilbakeslag og uvisse.

Liv står i fare. Først og fremst i Ukraina, som i skrivande stund blir råka av russisk skyts frå aust, nord og sør. Samstundes, når ein korngigant går til krig mot ein annan, kan det fort få alvorlege konsekvensar for millionar av menneske langt utanfor det grøderike svartjordsbeltet i Sentral-og Aust-Europa.

Russland er verdas største kveiteprodusent. Ukraina er den fjerde største, med stor produksjon også av bygg og rug. Saman står dei for 30 prosent av verdas korneksport. Båe er òg store på mais. Totalt produserer dei 80 prosent av verdas solsikkeolje.

Europa tek unna ein del av dette, men mykje av den ukrainske produksjonen, og heile 70 prosent av den russiske kveiteeksporten, går til Midt-Austen og Afrika. Ein langvarig konflikt med sanksjonar og eksportrestriksjonar vil føra til høgare prisar på desse livsviktige varene. Det tok då heller ikkje mange timane etter at åtaka starta, før prisane på kveite og mais skaut i veret. Når dette kjem på toppen av alt høge mat- og energiprisar, kan vegen vera kort til mangel og sosial uro. Opptøyane under den arabiske våren for dryge ti år sidan er ei relativt nyleg påminning om korleis det kan gå.

I tillegg er Russland ein av verdas største eksportørar av nitrogen, kalium og fosfor. Får Moskva no også handa over Kviterusslands gjødselproduksjon, vil dei kontrollera til saman 40 prosent av verdas kalium. Gjødselprisane er, som me veit, alt høge. Ein reduksjon i tilfanget saman med endå høgare prisar på gassen som trengst for å produsera gjødsla, vil kunne påverka verdas avlingar. Som igjen vil driva opp matprisane.

Ein for tida oppheita norsk jordbruksdebatt kan verka uvesentleg opp mot dette bakteppet. Men den er alt anna. Åtaket på Ukraina er også ei rungande påminning til alle land om å sikra eigen matproduksjon og matberedskap. Det gjer me ved å løna bøndene våre skikkeleg, ved å få på plass matkornlager igjen, og ved å slutte å byggja ned det vesle me har av matjord.

Bothild Å. Nordsletten