I forsøka på å «redda verda» er det ofte langt mellom liv og lære. Ta behovet for vern og ønsket om vekst, til dømes. Som to ulike artiklar i denne utgåva av Bondevennen viser, står bøndene ofte i press mellom dei to, og bør følgje nøye med.

Innan 2030 skal verdas land innfri Parisavtalen om gigantiske klimakutt. I tillegg kjem FNs 17 berekraftsmål, samt den globale naturavtalen som vart vedtatt rett for jul og som forpliktar oss til å verna 30 prosent av alt land- og havareal. (Sjå s. 8).

Noreg er ein av pådrivarane for desse avtalane. Det skulle berre mangla, så alvorleg som klima- og naturkrisa er. Det burde vera nok å nemna rapportane som syner at dyrebestandane globalt har gått ned med 60 prosent dei siste 50 åra, eller at milliardar av tonn av det globale jordsmonnet blir øydelagt kvart år.

Men ikkje før har blekket på avtalepapira tørka, før det byrjar å skurra. For i dei same sju åra som også Noreg har gitt oss sjølv på å fiksa desse gigantutfordringane, planlegg styresmaktene å byggja ned 2777 kvadratkilometer areal, inkludert enorme skog- og myrområde, til veg og bustadar, ifølgje SSB. I tillegg viser nye estimat frå Norsk Institutt for naturforsking at det i vedtekne arealplanar er sett av plass til nye hytter og fritidsbustadar tilsvarande over tre gonger det eksisterande hyttearealet, skriv avisa Dag og Tid. Og berre på Nord-Jæren ligg over 20 000 mål matjord inne for nedbygging. Slik kunne ein halde fram lista over planar som går mot dei grøne lovnadane våre – eller målet om 50 prosent sjølvforsyning, for den saks skuld.

At dei avgrensa og sterkt truga matjordareala våre ikkje for lengst er raudlista og reservert eksklusivt for dyrking, er eit paradoks. Men også tilstanden i sårbare naturtypar tilseier meir vern og meir restaurering. Samstundes er me samde med seniorrådgjevar i Norges Bondelag, Finn Erlend Ødegård, som her i bladet åtvarar mot å setja 30 prosent av landareala «under ei osteklokke» slik at dei ikkje kan brukast i det heile.

Spørsmålet blir korleis me utnyttar verna areal, så vel som ikkje-verna. Mykje tyder på at me må venja oss til å gjera det på måtar som ikkje berre tar omsyn til tolegrensene i naturen, men som òg byggjer meir natur og meir mold. Det gjeld for bønder, som for alle andre.

Det sagt, ser det ut til at bøndene i tillegg må ta ansvaret for å seia ifrå, anten det er vekst eller vern som går på akkord med matproduksjon.

Det nyttar ikkje å redda verda på tom mage.

Bothild Å. Nordsletten