image description
Me blir bombardert av sterke bilete av menneske i nød. Dei flyktar frå eit liv i krig og uvisse. Me kan sjå groteske filmar i sosiale medium av tortur og mishandling. Ulike syn på verda og livet gjer at menneskeheita brakar saman. Konfliktbiletet er så samanfiltra at mange har problem med å få med seg samanhengane. Men alle får med seg at krig og uro fører til at mange liv går tapt. At menneska som lever livet sitt i desse områda flyktar med håp om ei betre framtid er forståeleg. Det er menneskeleg.

Frykt for det me ikkje kjenner til kjem som ei diger bølgje framom flyktningestraumen. Mange uttrykker redsle for korleis flyktningane vil påverke det norske samfunnet. Redsla kjem mellom anna til uttrykk gjennom hatefulle ytringar i ulike sosiale medium og nettsamfunn. Ein kan lett bli riven med. Det kan vere vanskeleg å halde fast på trua. Trua på det gode i menneskeheita og håpet om å leve saman i fred.

Det kan vere vanskeleg for oss her i Noreg å ta inn over oss kva liv flyktningane kjem frå. Ein kan nesten kjenne seg avstumpa etter nyheitene på tv. Det er umogleg å ta inn over seg alt, men eit spørsmål kan me stille: Kva om det var eg som flykta? Nokon kjenner seg utrygge i møte med andre religionar, andre fryktar møtet med eit framand språk og eit annleis menneskesyn. Det er lov å vere utrygg, og det er lov å seie det høgt. Best av alt er det om frykta kan erstattast med kunnskap.

Denne veka kan du lese i Bondevennen om eit møte i Gjesdal. Der bøndene kan tilby arbeidstilbod til flyktningar som skal busette seg i kommunen. Me trur bøndene har mykje positivt å bidra med når flyktningane skal finne sin plass i samfunnet. Menneska som kjem over landegrensa har mykje med seg i kofferten. Redsla for å dø neste dag skal fordøyast, og kanskje kan samtalen med ein sindig bonde vere akkurat det som skal til. Bønder veit kanskje betre enn nokon at vi låner jorda av neste generasjon. Me håper kunnskap kan gå framfor frykt. Me trur møte med medmenneske over ein kaffikopp er eit betre vern mot terror, i staden for frykt i form av hatefulle bodskap i den store verdsveven.

Jofrid Åsland