Det er diverre få teikn til at uveret i Nortura skal løye med det første. Avgjerda om å leggja ned anlegget på Otta for å spara dryge 30 millionar kroner årleg er berre det siste i ei rekke av kontroversielle grep frå samvirket dei siste åra. Kritikken har med rette blitt reist mot dyre distribusjonsløysingar, kontroversielle inntransport-ordningar, manglande innovasjonsevne, dalande marknadsandelar og aukande framandgjering mellom eigarar og konsernleiing.

Ekstra vondt gjer det når «bondens eige selskap» tykkjest å gå imot alle kortreist-trendar, sløkkjer lys i distrikta og legg ned lokale arbeidsplassar. Tankevekkjande spørsmål blir stilt. Kor lett blir det eigentleg å styrka Nortura, når fortrinna, som nærleik til produsenten, forsvinn? Og kor lenge kan Nortura halda fram som marknadsregulator dersom marknadsandelen, som no er nede på 66 prosent av dei samla tilførslane av firbeinte dyr, fell ytterlegare? Bønder i Gudbrandsdalen varslar at dei vil etablere eige slakteri. Der samvirket før heldt fana høgt.

Dei Otta-tilsette og lokale bønder skal ha for den massive protesten dei mønstra. Engasjementet deira tener som ei viktig påminning til andre samvirke-eigarar: Skal du trygga det du har kjært, må du handla. Sjølv om du risikerer å tapa.

Det er ikkje vanskeleg å forstå kritikken mot Nortura. Samstundes er det viktig å sjå stoda frå samvirket sin ståstad. Nortura kuttar ikkje fordi dei vil. Dei er nøydde. Måten det blir gjort på kan og bør alltid diskuterast. Men samvirket må også forhalda seg til verda slik politikarane vil at den skal vera, og til marknaden, slik den til ei kvar tid er: Bøndene blir færre. Importen aukar. Kostnadene like så. Matkjedemakta knugar, presset for å halda matprisane låge er sterkt, og overproduksjon rir næringa som ei mare. Nortura må strama livreima for å overleva. For å sikre lønsemd for alle sine bønder.

– Om me ikkje gjer noko, er det ikkje sikkert Nortura overlever, seier styreleiar Trine Hasvang Vaag til Nationen.

Den klåre meldinga til trass, alvoret i stoda kan knapt overdrivast. Bernt Skarstad, leiar i Nortura Bindal krins i Nord-Noreg, set ord på kva som står på spel i ein kronikk i same avis. Ryk Nortura, ryk fort distriktslandbruket, åtvarar han. Og, heldt han fram, ryk distriktslandbruket, så ryk også legitimiteten for landbrukspolitikken med kanaliseringspolitikk og landbruk over heile landet. Ikkje mindre.

Tida vil vise om nedlegginga på Otta løyser fleire problem enn den skapar. Det er å håpa at Nortura klarar seg gjennom bølgjedalen. Men håp aleine er ingen strategi. Avgjerda som no set lojalitet og omdøme på prøve i Otta, blei fatta av bøndene sine eigne. Det er bøndene sine eigne som no må mobilisera, få skuta på rett kjøl att og ri stormen av.

Bothild Å. Nordsletten