20 prosent av bøndene i Rogaland seier dei vil avvikla innan 15 år. Ein tredel av mjølkeprodusentane. Kor alvorleg er det?

Vel, når talet inkluderer 36 prosent av svineprodusentane i Hå, 46 prosent av mjølkebøndene i Sola og 26 prosent av sauebøndene i Time – indrefileten i norsk jordbruk – er det grunn til å vakna i bygd og by.

Fortida kjenner me. Bøndene har forsvunne frå alle landets kommunar i årevis. Men takka vere ei undersøking gjort av Landbrukspartnarskapen i Rogaland og formidla i Bondevennen sist veke, veit me for første gang kva bøndene her tenkjer om framtida.

Og funna reiser ei mengd alvorlege spørsmål. Mest grunnleggjande mellom dei er: Kven skal driva jorda, nytta graset og produsera maten, kor og korleis?

Tala stadfestar også det mange har tenkt lenge: At landbrukspolitikken ikkje er god nok. For utviklinga, sjølv i matfylket, går strake vegen mot langt færre bønder som skal rekka over stadig større leigde areal og kvotar. Det var ikkje det uttalte målet. Me treng ein ny politikk – og den handlar om noko anna enn to kroner ekstra for mjølka.

Produksjonsiveren i Rogaland er stor, men stort er også mismotet. Investeringslyst og utmatting, pågangsmot og djup uvisse er dei motstridande, men høgst reelle kjenslene som bøndene frå Lund til Vindafjord kjenner på. Er optimistane naive? Har dei vonbrotne gjort ting feil? Det kan ein meina mykje om, men kvar bonde er si eiga sanning og si eiga historie nærmast.

No har me fått eit glimt av framtida. Innsikta tilseier at tida er inne for å byggja ei ny historie om rogalandsbonden. Den kan bli god. Utgangspunktet er godt. Bøndene er og har alltid vore omstillingsdyktige. Men sjølv dei ivrigaste risikerer å gå lei om dei stadig må snu seg om innafor det same, skjøre rammeverket.

Bothild Å. Nordsletten