image description

Stortingsrepresentant Ove Bernt Trellevik (H), sitt innlegg på Samvirkekonferansen i Stavanger i sist veke, stadfestar nok ein gong at det er all grunn for faglaga og andre representantar frå landbruket til å heve den landbrukspolitiske beredskapen.

Tilhøyrarane fekk på ny stadfesta at Regjeringa sine formuleringar i Regjeringsplattforma for landbruksområdet er eit ideologisk manifest som i liten grad bygger på innsikt, analyse og fakta.

Trellevik gjekk høgt på banen. Han skaut frå hofta og angreip mellom anna kanaliseringspolitikken og korn- og kraftfôrpolitikken. – Legg gardsbruka der vi kan ha store og rasjonelle einingar og importer korn til verdsmarknadsprisar, var noko av medisinen til Trellevik. – Vi kan ikkje la høge tollmurar stå i vegen for billeg mat til den norske forbrukaren, heldt han fram.
– Høgast mogleg matforsyning, reduserte overføringar, svekka tollvern, og auka lønsemd til bonden, går dette i hop, utfordra Trond Hetland, kommentator i Stavanger Aftenblad etter møtet. Vi sit att med dei same spørsmåla. Trellevik gav ingen truverdig analyse av desse samanhengane.

Under slike konfrontasjonar mellom landbruket og den nye regjeringa er ofte det generelle svaret frå politikarane: – Vi har gitt ei retning for politikken, tiltaka krev utgreiing. Og her ligg halmstrået for landbruket ved å gå i aktiv dialog med Regjeringa og forklare konsekvensane ved dei ulike verkemidla i landbrukspolitikken.
Kanaliseringspolitikken legg, som kjent, opp til at kornproduksjonen blir lagt til dei områda som har store areal med dyrka jord og eigna klima for korndyrking. Husdyrproduksjonen ligg i område med gode forhold for grasproduksjon. Skal ein reversere denne politikken, vil det ytterlegare radere ut husdyrhaldet i mange fjord- og fjellbygder og samstundes ta ut kornareal ved omlegging til husdyrproduksjon. Altså ei svekking av norsk matproduksjon og sjølvberging. I tillegg må vi ta med at viktige forhold, som etablert fagmiljø og kompetanse, og forsynings- og matvareindustri, er bygd opp gjennom tiår med dagens produksjonsstruktur. Ja, omlegging frå politisk referansepris til verdsmarknadspris på importerte karbohydrat og proteinvarer (korn og soya) vil gi eit billegare kraftfôr. Om denne gevinsten ville blitt verande i næringa eller kome forbrukarane til gode med billegare mat veit vi ikkje, men ein skal ikkje vera stor spåmann for å tolka kva som er Regjeringa si målsetting her. Utfordringa i dette resonnementet er at ein konkurrerer ut norsk kornproduksjon, og med det tek ein bort eit viktig grunnlag for norsk sjølvberging.

Norsk kornproduksjon må tvert i mot styrkast, både på volum og kvalitet, om vi skal halda oppe eller helst styrke, norsk sjølvbergingsgrad. Ingen kan lene seg til ein stabil verdsmarknadspris. Om lag 10 prosent av verda sin kornproduksjon blir omsett på verdsmarknaden. I ei krise, av ulik årsak, finst det ingen garanti for at denne ustabile marknaden ikkje skrumpar inn, og kva blir då kornprisen?

Vi registrete at Trellevik opna for å la tollgrepet stå urørd og han tok til orde for det han kalla eit vel fungerande tollvern. I praksis vil det måtta bety omlegging til prosenttoll også for andre landbruksprodukt. Om ikkje, vil prisutviklinga i Norge indirekte føre til ei gradvis nedbygging av det tollvernet som er basert på kronetoll.

Alt kan ikkje målast i kroner. Matproduksjon, basert på eigne ressursar, har krav på å bli sett på som eit unikt samfunnsgode. At samfunnet bidreg med mindre enn 1,5 prosent av statsbudsjettet til norsk matproduksjon, som tilsvarar eitt års auke i det norske trygdebudsjettet, bør ikkje provosere nokon.

 

Eirik Stople