IGJEN VISER BØNDENE handlekraft. I desse dagar etablerer dei prosjektet Til for bonden, som er eit førstelinjetilbod om hjelp når ting tårnar seg opp. Prosjektet blir presentert i denne utgåva av Bondevennen. – Dette er rett og slett ein vakttelefon for den som treng ein å snakka med, fortel prosjektleiar Erling Søyland, frå Gjesdal. Som aktiv i landbruksmiljøet og tidlegare leiar av Forum ku, har han opplevd at yrkesbrør kan bli handlingslamma i ein, av ulike årsaker, vanskeleg situasjon. Å då ha tilbod om å ta ein telefon til ein erfaren yrkeskollega, som er budd på den vanskelege samtalen og som har teieplikt, kan vera starten på å finna ut av vegen vidare, erfarer Søyland.

AKKORDEN I JORDBRUKET har blitt knallhard og effektiviseringskravet går vidare. Det du gjorde i går, er ikkje godt nok i dag og slett ikkje i morgon. Vegen vidare handlar om produksjonsauke, investering og endring. Omlag 20 000 heiltids-/deltidsbønder har slutta i yrket sidan år 2000. Dei har lagt om kursen og valt ei rolegare lei. Det er ikkje sikkert at orda raskare, større, sterkare for alltid vil føra i ynskja retning.

DET BLIR STILT store krav til den moderne, norske bonden. Han / ho skal vera bedriftsleiar, med kompetanse innan økonomi, personalbehandling, data, helse, miljø- og sikkerheit med meir.  Og bonden skal sjølvsagt vera ekspert på husdyr- og planteproduksjon og ikkje minst på avansert ny teknologi. Vidare kjem dokumentasjonskrava, alt skal vera på stell, for til dømes å stetta krava til dei fire statlege tilsyna. Her kunne nok møte med det offentlege vore meir prega av dialog, tillit og støtte, enn det mange har erfart.
Innsikt i politikk og rammevilkår trengs for å gjera dei rette strategiske vala. Eit politisk pennestrøk, jfr. reversjon av tollgrepet, kan gjera at det økonomiske fundamentet for livsverket vaklar. Og så usikkerheita ved at bonden driv ein biologisk produksjon, som både kan rammast av sjukdomsutbrot og vêrutfordringar. Det siste minner våren 2013 oss om.

BEHOVET FOR FAMILIELIV, med tid til ferie og fritid er det same for bønder som for andre i vår tid. Å finna tid til – og ikkje minst, få tak i  kvalifisert avløysing, er for mange ei utfordring. Næringa har ei utfordring, om tida saman med familien blir ein salderingspost, etter at garden har fått sitt.

LANDBRUKET HAR “ein hær av gode hjelparar”. Kanskje er det eit tankekors at det er behov for eit nytt prosjekt med namnet Til for bonden. Ligg noko av svaret i at vi har ei fagleg sektorrådgjeving, som ikkje alltid tenkjer heilskap? Vi trur rekneskapslaga og landbruksrådgjevinga spelar ei nøkkelrolle ved å vera tett på bonden i samband med planlegging, økonomisk oppfølging og driftsleiing.
HELDIGVIS TAKLAR dei fleste bøndene utfordringane. Vi møter stadig bønder med stor arbeids- og livsglede i bondeyrket. Gardsreportasjen i denne Bv-utgåva, der vi møter ungdommane Hanne og Arild Helland, er eitt av mange døme på dette. Men bondeyrket er krevjande, og det er ikkje lang veg mellom gode dagar og krise. – Du treng ikkje vera ein dårleg bonde om du slit, understrekar Erling Søyland. Krisa kan ramma kven som helst, når sjukdom eller anna uføresett råkar. Prosjektet, Til for bonden, set viktige forhold på dagsorden, og utfordrar det etablerte støtteapparatet, vare­leverandørar, bankar og andre til å sjå bonden sin totale livssitua­sjon og å vera ein nyttig medspelar.

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no