image description

I desse dagar førebur Landbruks- og matdepartementet ei endring av konsesjonslova, slik at det mellom anna ikkje lenger skal leggast vekt på om den avtalte prisen ved kjøp og sal av landbrukseigedom er i samsvar med ein samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling.
Utgangspunktet for endringsforslaget er regjeringsplattforma for Solberg-regjeringa. Her blei det varsla at Regjeringa vil gi den enkelte bonde større råderett over eigen eigedom ved å gjera endringar i eigedomslovgivinga.
– Målet er å fjerne unødvendige hindringar i lovverket. Ei av desse er priskontrollen for landbrukseigedomar, heiter det i skriv frå Departementet.

Priskontrollen har vore ein del av konsesjonslova heilt frå ho vart vedteken i 1974. Den nye konsesjonslova av 2003 førte vidare ordninga om priskontroll for landbrukseigedomar. Under handsaminga i Stortinget konkluderte Næringskomiteen samrøystes med at ordninga om prisvurdering for landbrukseigedomar hadde virka etter sitt føremål, og Stortinget gjekk difor inn for vidareføring av ordninga.
I rundskriv frå Landbruksdepartementet (2001), utdjupa dåverande regjering omgrepet samfunnsmessig forsvarleg pris. Her heiter det: For landbrukseiendommer som fortsatt skal nyttes til landbruk, må samfunnsmessig forsvarlig pris blant annet forstås som en pris som bidrar til å realisere landbrukspolitikken. Dette gjelder blant annet mål om å sikre rekruttering av aktive yrkesutøvere til næringen og legge til rette for inntektsmuligheter og sosiale vilkår som skaper stabile heltids- og deltidsarbeidsplasser i landbruket.

Målet om inntektsutvikling på line med andre grupper i samfunnet vil bli ytterlegare utfordra ved ei oppheving av prisreguleringa av landbrukseigedomar. Fri prisdanning ved kjøp av gard vil auka landbruket sine kapitalkostnader og slik svekka inntektsmulegheitene. Dette må i så fall kompenserast med ytterlegare auke i overføringane. Det er altså ein direkte samanheng mellom priskontrollen og dei andre verkemidla i landbrukspolitikken, og priskontrollen kan difor ikkje vurderast isolert og avviklast utan omsyn til dei andre verkemidla. Konsesjonslova legg til grunn at; prisnivået på landbrukseiendommer ikke ligger høyere enn at en person med vanlige faglige kunnskaper og dyktighet kan skaffe seg en eiendom uten urimelig stor egenkapital og at det med normal god utnyttelse av eiendommens driftsgrunnlag blir en økonomisk avkastning som gir tilfredsstillende godtgjørelse for arbeidet som legges ned på eiendommen.

Oppheving av priskontrollen kan fort bli ein politikk for dei som går ut av landbruksnæringa, og ikkje for dei som vil velje ei framtid som bonde. Avregulering vil favorisere den kapitalsterke framfor den som bare stiller med kompetanse og interesse. På sikt må ein vente at dette vil svekke norsk matproduksjon. Saka stiller også eit spørsmål ved legitimiteten til landbruksoverføringane. Blir konsekvensen av fri prisdanning kunstig høge prisar for landbrukseigedomar grunna overføringar? Dette er i så fall pengar som havnar i lomma til dei som går ut av næringa.

Fjerning av priskontrollen på landbrukseigedomar kan medverke til at vi går frå ansvarlig forvaltning av vår viktigaste mat- og naturressurs, til at matjorda blir eit spekulasjonsobjekt.

 

Eirik Stople