image description

 

Det er stor forskjell på å vere ein bonde som er kvinne, og å vere kona til ein bonde. Den eine er ikkje betre enn den andre, men statistikken røper at bondekonene er i fleirtal. 14 prosent av hovudbrukarane på norske gardsbruk er kvinner. Talet kjem fram i Landbruks- og Matdepartementets strategi for likestilling i landbrukssektoren.

Arbeidet med likestilling ser ut til å vere så krevjande at til og med likestillingsdepartementet slit. – Likestillingsdepartementet er verst på likestilling, skreiv Stavanger Aftenblad. Departementet som skal auke likestillinga har 71,2 prosent kvinner i sin stab. Til samanlikning er 60,8 prosent kvinner hjå Landbruks- og Matdepartementet. Kvinner har funne vegen til posisjonar i politikken, men kvifor finn dei ikkje vegen til fjøset?

Me kvinnebønder har nok alle fått eit blikk, ein kommentar eller opplevd forklaringskravet. – Kvifor er du bonde? Det er vel mannen din som er bonde? Det eine spørsmålet er nok ikkje vondt meint, men summen av alle dei undrande rører ved noko i ein. Det melder seg ofte eit behov for å svare og forklare. Det bør ikkje vere slik at kvinner i landbruket argumenterer med at ho får meir støtte frå staten. Då er me inne på feil kurs.

Dette er ikkje kvinnekamp, men jakta på likeverd. Det handlar om respekt for mangfald. Alle må få vere slik dei er, og bli respektert for det. Anten dei utfører arbeidet utanfor garden eller i fjøset. Valet om å bli bonde bør komme av interesser, ikkje kjønn. I 1975 vart odelslova endra. Dermed kunne jenter og gutar fødd frå og med 1965 på lik linje overta gardsbruk. Over ein førtiårs periode har mykje endra seg. Det er tydeleg at odelslova har spelt ei rolle for likestillinga, stadig fleire kvinner overtek gardsbruk. Likevel ser me at det er lettare å feste ord og lovverk til papir enn det er å endre folkets mentalitet.

I dag er mannen framleis svært dominant i landbruket både som aktiv bonde og eigar. Samstundes fortel levekårsgranskingane at landbrukskvinner gjer mykje meir husarbeid enn mannen. Det er ikkje til å koste under teppet at kjønnsrollene er meir tradisjonelle enn i resten av befolkninga. Likevel kjenner me ikkje til at menn er fødd med større evne enn kvinner til å køyre traktor. Det meste handlar om øving. Maskinar tek over meir og meir av dei harde fysiske løfta i arbeidet, og bonden fungerer i større grad som ein administrator. Noko kvinner skulle klare like godt som menn.

Vegen er lang til likestilling både på gardsbruk og i samansetting av styrer i landbruksorganisasjonar. Det fell kanskje ikkje så naturleg for middelaldrande menn å kjempe for fødselspermisjon og tilrettelegging under graviditet. Me skal ikkje klandre dei for det. Likestillingspolitikken fortel at dersom kvinner er fråverande i ein sektor vert ikkje ressursane fullt utnytta. I ei krevjande framtid for næringa er dyktige folk naudsynt. Skal ein nå målet om full likestilling i landbruket er det berre ein ting å gjere: Brette opp armane og gi gass. Kom igjen kvinner av landbruket!

Jofrid Åsland