Det nærmar seg 1. oktober og frist for å melde inn endringar i kvoteforhold. Med dette, og med Bondelaget sitt årsmøte same dag, er det igjen duka for debatt om bra og mindre gode sider ved kvoteordninga.

Under fjorårets årsmøte fremja Telemark Bondelag forslag om lågare kvotetak og avvikling av kvoteleige. Jærlaga tok også til orde for ein gjennomgang av kvoteordninga for å avklare om den fungerer etter hensikta. Framlegga frå Telemark vart nedstemte av Bondetinget, men det er mykje som talar for å vurdera dei på nytt.

For det er med mjølkekvota som med matjorda på bruket: Desse innsatsfaktorane er omsynsvis bondens rett og private eigedom. Men som forvaltar av samfunnet sitt felles ressursgrunnlag har bonden og jordbruksnæringa eit ekstra ansvar for å ivareta interesser utover dei til eiga slekt og gard. Det handlar sjølvsagt om mjølka som marknaden treng. Men også om å oppfylla politiske mål om differensiert bruksstruktur og levande distrikt.

Som kjent tappar dagens ordning med sal og leige av mjølkekvotar næringa for om lag éin milliard kroner årleg. Aktive bønder leiger kvotar frå passive bønder i stor stil, anten dei er drivne av produksjonsiver og/eller krav frå Innovasjon Norge om produksjonsauke for å få utløyst investeringsmidlar. Konsekvensen er færre og større bruk. Og aktive bønder som berre har småpengar att til å dekke auka driftskostnadar og naudsynte investeringar.

Er det dei passive kvoteeigarane som undergrev kvoteverktøyet? Nei. Me vil åtvara mot eventuelle skuldingar av det slaget. Det er ikkje næringa tent med. Det er heilt forståeleg at einkvan med kvote vil ha mest mogleg for den.

Heller er det systemet som saman med dagens politiske føringar ikkje evnar å levera på overordna mål om satsing på små bruk og føreseielege rammer for drift over heile Noreg. Det burde vera enkelt å endra, men ubehaget ved å ta tak i dagens praksis tykkjest vera for stort. I tillegg manglar den politiske viljen til snunad.

No er det heldigvis ikkje mange som tek til orde for å sleppa fri den norske mjølkeproduksjonen. Likevel er det grunn til å setja kvoteordninga i søkjelyset. For dagens praktisering av ordninga risikerer nemleg på sikt å undergrava legitimiteten til – og den politiske støtta for – heile marknadsordninga for mjølk.

Mjølkenæringa, som jordbruket generelt, signaliserer heile tida behov for betre lønsemd. Samstundes veit me at store investeringar står for døra, med nye krav til fjøset i 2024 og 2034. Det er ikkje utenkjeleg at politiske krefter vil be bøndene om å sjå i eige rekneskap, før dei lyttar til krav om auka midlar til omstilling.

Me helsar difor ein ny runde i debatten om kvoteordninga velkomen. Me ser fram til ein konstruktiv debatt som ikkje let seg målbinde av alle tenkjelege viss, om og men. Og me vonar utfallet vil styrka kvoteordninga som det verktøyet me er avhengige av for å nå måla om eit mangfaldig landbruk i heile landet.

Bothild Å. Nordsletten

Share This