Bv35_leiar
Sjå på dette bildet. To gode vener. Her er tilliten og samspelet på plass. Martin (7) og kalven Slikky, var med på kalvemønstringa som bondefamiliane i Gjesdal-bygda, i Rogaland, arrangerte nyleg. Vi tenker at dette er meir en bonderomantikk. Kvardagsbildet frå Gjesdal fortenar å bli løfta inn i ei større ramme for å bli ein del av det store bildet. Kva er familiejordbruk i 2016, kva er utsiktene for familiejordbruket? Og ikkje minst, kven skal får oppleve ein oppvekst med dyr og gardsliv i framtida?

Kalvemønstring for barn på eigen gard er i ferd med å bli ein tradisjon i Gjesdal-bygda. Denne gongen hadde Produsentlaget fått med seg Bondelaget då dei inviterte til kalvemønstring. Nokre veker før sjølve mønstringa, var barna samla til ei «treningssamling», kor dei fekk gode tips og råd om korleis dei skal mønstra kalv. Same kvelden som mønstringa gjekk av staben, var det samling på Bygdahuset, med pizza og juice og utdeling av Geno-krus og sløyfer til alle. Eit strålande døme på involvering og bygdeengasjement for heile familien.
– Me gjer det på vår måte, seier dei i Gjesdal.

Dei pensjonerte bøndene, Hermund Lende og Reidar Eilev Time var også denne gongen hyra inn som dommarar. Dei har eit godt auge for kven som har lagt ned arbeid i å velja ein triveleg kalv og brukt tid med kalven i forkant.
– Det var imponerande mange flotte kalvar i år, og eit høgt nivå på mønstrarane, fortalde domarane til Bondevennen. Ein kombinasjon av frivilleg arbeid, fagleg innsikt og kontakt på tvers av generasjonane er ikkje feil.

I følgje FN-organet for mat og landbruk, FAO, blir 70 prosent av maten i verda produsert innafor ramma av familiejordbruket. Hos oss er det ikkje vanleg at familiejordbruk gir grunnlag for to inntekter. Familiejordbruket har ikkje ein definert storleik. Det handlar meir om kven som engasjerer seg og i kor stor grad familien er involvert. Forsking viser at det uansett er eit pluss, både for den som driv og familien elles, om det er rom for involvering og engasjement frå alle. Dei som kjenner Gjesdal-bygda, fortel at det er underordna om det er mann eller kvinne som driv. Det avgjerande er fagmiljø, sosialt nettverk, at ein bryr seg og har felles engasjement, både frå dei som arbeider heime- og utafor garden. Erfaringsgrupper for damer er eit godt døme på eit engasjement som styrker kompetanse og fellesskapet i denne bygda.

Stimulerer landbrukspolitikken til at det blir mange «Gjesdal-bygder» på Sør- og Vestlandet om 5 år, 10 år eller 20 år? Her er det lett å tenka negativt. Bøndene i Gjesdal viser at det er mogeleg å skapa positivt engasjement om det er positiv vilje. Det store trugsmålet er likevel at det blir stadig færre «å leike med». Og kven blir det som eig jorda i framtida om vi får eit avregulert landbruk? Når Landbruks- og matdepartementet utformar ny landbruksmelding bør dei bli meir konkrete enn å bruke standardklisjear som bærekraft og landbruk over heile landet. Dei må ta i bruk truverdige virkemiddel i forhold til eiga målsetting. Ord og handling på dra i same retning.

Ta ein studietur til bygder som Gjesdal, og kom opp med ein politikk som utfordrar trenden med stadig færre bønder. I det store bildet, vil det vera behov for Martin med kalven, og mange fleire, om vi skal kunne brødfø Norge på norske ressursar.

Eirik Stople