Dyrevernalliansen, Noah og Anima. Tre små og unge organisasjonar som stadig evnar å vippa det etablerte landbruket av pinnen. Kva skjer?

I denne utgåva av Bondevennen kan du lesa om svinebonden på Jæren, som til liks med mange andre yrkesbrør utan vitande har blitt meldt til politiet av Noah. Meldinga vart dei først klare over då politiet la vekk saka. I Moldrok-spalta viser Siri Helle korleis aktivistane er i ferd med å innkassera den eine sigeren etter den andre, gjerne på tynt, fagleg grunnlag.

Jo, me treng nok dyrevernsgruppene. Noreg smykkar seg ikkje med dyrevelferd i verdsklasse fordi alt er som det ein gong var. Landbruket har som alle andre sektorar behov for press og korreksjon for ikkje å bli «fjøsblinde».

Spørsmålet er kven som skal ha definisjonsmakta over kva som utgjer optimal dyrevelferd.

I det siste kan det verka som om det er aktivistane som har tatt styringa, bakka opp av handplukka forsking og opportunistiske daglegvarekjeder. Egg frå miljøbur er på full fart ut. Dyrevelferdsmerking er på veg inn. Ja, til og med bondens eige Nortura gir no etter for udokumenterte forbrukarkrav og fasar ut egg frå burhøner.

Høgst truleg stoppar det ikkje her. Etter fleire facebook-oppslag å døma, prøver Dyrevernalliansen no å skapa debatt om praksisen med å skilje ku og kalv. Og dersom internasjonale dyrevernstrendar gir ein peikepinn om kva som kan koma her, kan kampanjar mot saueull (!) heller ikkje utelukkast.

I somme land, Sverige, til dømes, har valdelege dyrevernfundamentalistar for lengst byrja å trakassera bønder. Her heime trakk to grupper med kjendisar seg frå å vera med i NRKs «Folkeopplysningen», der eit lam vart avliva og tilberedt. Kjendisane frykta for imaget sitt. Det er eit tydeleg teikn på kor sensitivt fullt lovleg og naudsynt matproduksjon er i ferd med å bli, også her.

Har landbruket ein plan for korleis ein skal møta desse utfordringane? Det verkar ikkje slik. Trass i organisatoriske musklar og sterke forskingsmiljø i ryggen, hamnar næringa stadig i skuggen av dyrevernarane sine stunt. Landbruket leiar ikkje an. Landbruket reagerer.

Det som i dag blir oppfatta som god dyrevelferd vil sannsynlegvis vera annleis om tjue år, slik kosthaldet og forbrukarvanane våre også endrar seg.

Midt i all endringa står bonden. Skal ho/han unngå å bli driven frå skanse til skanse, bør landbruket koma opp med ein strategi for korleis næringa skal takla den nye tida: mentalt, økonomisk og i kommunikasjonen med folk som i aukande grad menneskeleggjer produksjonsdyr.

Bothild Å. Nordsletten