image description

På vegen til industrijordbruket, har noko av nøkkelen til produktivitetsveksten vore stadig nye og betre driftsmiddel. Jamt over blir dette sett på som framgang, men frå tid til anna blir det debatt. Saka om narasin i kyllingfôr, sende sjokkbølgjer inn i kyllingnæringa for eit par år sidan. I vår har spørsmålet om å forby ugrasmidlet glyfosat vore på den storpolitiske agendaen. Det var knytt stor spenning til om EU kommisjonen i juni ville forby glyfosat, eller ikkje. Resultatet blei ei midlertidig godkjenning av plantevernmidlet, ut 2017.

Bakgrunnen for striden i EU om vidare godkjenning av glyfosat, er at ein finn spor av midlet i jord og vatn, dyr og menneske, samt at WHO si kreftforskingsavdeling, IARC, i fjor slo fast at det truleg er ein samanheng mellom glyfosat og kreft. EU sitt mattilsyn, EFSA, kom fram til motsett konklusjon.

Glyfosat er verdas og Norges mest brukte plantevernmiddel. Berre i Norge blir det årleg sprøyta ut 300 tonn glyfosat. På dei aller fleste norske gardsbruk vil ein finne ei kanne med Roundup. Roundup er handelsnamnet til glyfosat. Men det har ikkje alltid vore slik. Midlet blei oppdaga så seint som i 1970, av amerikanaren John Franz, i firmaet Monsanto. Verknadsmekanismen er at glyfosat slår ut/tek knekken på eit enzym som er avgjerande for at plantene skal kunne lage livsviktige aminosyrer. Aminosyrene er byggesteinar i planteproteinet. Seinare har Monsanto utvikla genmodifisert mais som er tolerant overfor midlet.
I DAG VEIT alle bønder at Roundup er eit systemisk brakkingsmiddel, som er særleg effektivt mot grasartane, inklusiv kveke. På mange gardsbruk er det vanleg å brakke med Roundup i samband med fornying av enga. Endå viktigare er midlet blitt i einsidig korndyrking, der ein vil få store utfordringar i kampen mot kveka, dersom glyfosat blir forbode.

Plantevern har verda over blitt ein svært viktig innsatsfaktor i moderne matproduksjon. Å verne kulturplantane mot sopp, insekt og ugras ved hjelp av kjemi, er ein føresetnad for mykje av det landbruket vi ser i dag. Men vi ser også eit endra fokus. Gjennom intens forsking både internasjonalt og i Norge, er det utvikla kunnskap om skadegjerarar og nyttedyr, kunnskap som er teke i bruk i kommersiell dyrking. Integrert produksjon, der ein nøye vurderer behovet for sprøyting, og biologisk bekjemping av skadedyr, er for lengst teke i bruk i fruktdyrking og i veksthusproduksjonane. Etter gjeldande forskrifter skal all planteproduksjon i Norge bygge på prinsippet om integrert eller økologisk produksjon.

Er bruk av plantevernmiddel symptom på eit landbruk med behov for krykker for å kunne fungere? Svaret er som vanleg ikkje eit klart ja eller eit nei. Mykotoksin (soppgifter) i korn er eit døme på at ein null-visjon for bruk av plantevernmiddel ikkje alltid er helsebringande. Kunnskapen om konsekvensane ved bruk av plantevernmiddel har utvikla seg enormt sidan John Franz oppdaga verknaden av glyfosat i 1970. Det generelle forbrukarfokuset på trygg mat kan berre møtast med ei offensiv haldning og kunnskapsbaserte løysingar, også når det gjeld bruk av plantevernmiddel.

Eirik Stople