Ennå er det langt til vår, men fylkesleiarar i både Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget er alt i ferd med å skru opp forventingane til neste års jordbruksoppgjer. I Bondevennen og andre media kjem dei tillitsvalde med konkrete krav.

Leiar i Agder Bondelag, Knut Erik Ulltveit, krev at inntekta må opp med over 70.000 kroner meir enn det andre grupper får dei neste tre åra. Målet er å tetta gapet innan 2024. Fylkesleiar Stig Arild Helgesen og nestleiar Torbjørn Norland i Rogaland Bonde-og småbrukarlag, krev 50.000 i auka årsverksinntekt pluss full kostnadskompensasjon under vårens oppgjer. Slik, meiner dei, vil bøndene ta att andre grupper etter fem-seks år. Båe utspel er tydelege signal om at grasrota ikkje vil godta nokre hundrelappar meir enn det andre grupper får. Krava er optimistiske, vedgår leiaren i Agder til Nationen. Men, legg han til, så er også bøndene utolmodige.

Det forstår me godt. For medan bøndene effektiviserer og spring stadig raskare, heldt ikkje inntektsutviklinga tritt – korkje med innsatsen eller kostnadsauken. Gapet mellom inntekta til matprodusentane og den til andre yrkesgrupper er og blir for stor. Ifølgje Ulltveit er gjennomsnittsløna til ein bonde 353.000 kroner, medan den for andre er på vel 580.000.

At gapet kastar skuggar over entusiasmen, pågangsmotet, samt rekrutteringa til landbruket, bør vera openbart for alle. At vedvarande smalhans undergrev politiske målsettingar om mangfaldig landbruk i heile landet og auka matproduksjon, like så.

Bøndene godtok eit forenkla oppgjer i år med bakgrunn i pandemien. No har same pandemi blitt eit ytterlegare argument for anstendig lønsutvikling. Landbruket er utpeikt som ei samfunnskritisk næring. Sjølv den mest blåøygde globalist bør nå forstå verdien av nasjonal matproduksjon i usikre tider. Eit kvart parti ved sine beredskapspolitiske fulle fem må innsjå at det ikkje nyttar å setja sin lit til at bøndene godtek å halda det gåande på knappar, glansbilete og luftige løfte.

Også av den grunn forventar me at kravet frå bøndene blir innfridd.

Mange er spente på kor godt faglaga evnar å formidla at mykje står på spel. Sarkastiske spekulasjonar om kor lite dei er villige til å ta til takke med under dekke av å vera «ansvarlege» i ei uroleg tid, florerer allereie i (sosiale) media. Men om inntekta aukar eller står stille er til sjuande og sist eit spørsmål om politisk klårsyn og vilje.

Bothild Å. Nordsletten