image description


– Eg strever med å få bønder, bygde- og byfolk, samt planleggarar, relevante organisasjonar og dermed politikarar, til å interessera seg for kva eit bygdesamfunn er, både historisk og i vår tid, fortel tidlegare regionplanleggar og professor i oversiktsplanlegging ved Arkitekthøgskolen i Oslo, Røyne Kyllingstad, i sommarportrettet denne veka.
I ei bokmelding frå 1986 skriv professoren: «Det er få ting som har bekymret meg mer, både som planlegger og bygdemenneske, enn nettopp storsamfunnets (les: akademikernes) manglende vilje til å forstå hva et bygdesamfunn er».


Kyllingstad er oppteken av at den aktive landbruksbefolkninga, som det gradvis blir færre og færre av, ikkje åleine gir grunnlag for eit levande bygdesamfunn. Levande bygder er avhengige av at ulike yrkesgrupper lever i ein symbiose, som til saman kan gi grunnlag for eit rikt og variert samfunn. For å lukkast, må dette temaet gis auka merksemd i planarbeidet og i politikken.
I ein bokomtale frå 2008 skriv Kyllingstad: «Kva med den einsidige oppfatninga av at sentralisering er eit uomgjengeleg gode? Det vera seg innanfor skulevesen og offentleg administrasjon, varehandel, meieri og slakteri, fabrikkfiske og fiskemottak, eller bygdene sine ein gong så varierte industri innafor treforedling, båt- og husbygging, og så vidare. Sentraliseringa knekker bygd etter bygd, utan at det er godtgjort på nokon truverdig måte at sentraliseringa er gagnleg, reint samfunnsmessig».


Utfordringane som Kyllingstad reiser, er vel verd å ta med inn i morgondagens samfunnsplanlegging, inklusive landbrukspolitikken. Det uttalte skiljet mellom landbrukspolitikken og distriktspolitikken kan bli ein farleg snubletråd om ein vil ha landbruk over heile landet. Her er det gjensidig avhengigheit og interesse. Men vi må vita kvar vi er. Pressområda har andre utfordringar enn distrikta. Der nedbygging av jord er eit trugsmål for produksjonsgrunnlaget i sentrale område, finn vi gjerne gjengroing som motstykket i distrikta.


Vi har lenge sett ei bygdesentralisering med ein folkestraum frå grendene til kommunesentra. Resultata er utarma grendelag som mister offentlege og private basisfunksjonar. Er det naturlover som styrer dette, eller er det manglande vilje til å endre politikk og planverktøy?


Uansett handlar det om at menneska sine behov må vera i sentrum. Bønder er ikkje produksjonsrobotar som lever i ei boble, uavhengig av samfunnsutviklinga rundt. På dei aller fleste bruk er ein avhengig av minst ei inntekt utanom garden. Bygdene treng skule og barnehage, butikk og arbeidsplassar i nærmiljøet. Her er vi tilbake til symbiosen som Kyllingstad snakkar om, den eine dreg nytte av den andre, inklusive hyttefolk og turistar.


Det er denne dynamikken og mangfaldet som blir truga av sentralisering og politisk tunellsyn.
– Ta ikkje bonden for gitt, gjentar landbruksdirektøren i Rogaland. Rammevilkåra for levande landbruk og levande bygder handlar ikkje berre om tollvern og budsjettstøtte. Vi må auka fokuset for å få eit vakkert, rikt, variert, spanande og framfor alt levande bygdesamfunn.




Eirik Stople