teikning til leiaren
 
– Rogaland Bondelag bør utarbeide ein strategi for likestilling i landbruket, sa tidlegare bygdekvinnelagsleiar i Rogaland, May Sissel Nodland, og fekk oppbakking av leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, under årsmøtet i Rogaland Bondelag.
Likestilling og rekruttering blei nyleg aktualisert i samband med kvinnedagen 8. mars, der det ikkje uventa kom fram at langt færre, enn dei kvinnene som har odelsrett, blir kvinnebønder.
– Landbruket er framleis prega av å vera ein mannskultur, og eg etterlyser ein sterkare kvinnedel i dei styrande organa innafor jordbruket sine organisasjonar, sa Nodland.
 
Mange av årsmøtedelegatane sette rekruttering på dagsorden og saka enda opp med at årsmøtet vedtok ein resolusjon for styrka rekruttering. Fleire peika på at ordningane i landbruket bør innrettast betre for å fremja familiejordbruket. Når begge ektefeller/sambuarar er involverte i gardsdrifta bør det ligga til rette for to jordbruksfrådrag og det er uheldig at det økonomiske nivået på velferdsordningane ikkje held tritt med den generelle lønsutviklinga i samfunnet. At velferdsordningane ikkje lenger er øyremerka lønsutbetalingar til ferie og fritid, kan over tid svekka familien si evne til å ta ut ferie/fritid, kom fram på møtet.
 
– Eg tek ut meir ferie enn generasjonen før meg og for neste generasjon må me vente at spørsmålet om ferie og fritid blir endå meir krevjande, sa Åsbjørn Høyland, i Nærbø Bondelag.
 
Alle med interesse for landbruk veit at eit vellukka eigarskifte er eit stort og uavklart tema i mang ein bondefamilie. I botn ligg odelsretten med juridiske føringar om retten til å ta over. Det kan fort oppstå spenningar om retten overstyrer interesse og kvalifikasjonar. Og i tillegg kjem likestillingsperspektivet, som etter over 30 år med formell likestilling, framleis møter kulturutfordringar.
 
Det er ikkje lenger sjølvsagt at den som tek over ein gard blir ein aktiv bonde, men dei aller fleste vel å ha garden som buplass eller fritidsbustad, sjølv om dei ikkje driv jorda. Eigedomsoverdraging er for mange familiar blitt eit naturleg tidspunkt for å legga ned drifta. Ved utleige av jord og eventuell mjølkekvote kan mange ha ei betydeleg inntekt frå ei passiv gardsdrift. Andre vel å «slakte» garden. Det vil seie at ein deler frå tunet og sel unna jorda og eventuelt driftsbygningar. Begge grepa gir rom for strukturendringar.
 
Det viktigaste spørsmålet er kva som skal til for å føre vidare ei aktiv gardsdrift. Spørsmålet er samansett, der involvering synest å vera eit nøkkelord. Aktiv deltaking i oppveksten, involvering i utbyggingsplanar og tidleg avklaring om kven som skal ta over er alle faktorar som ikkje bør undervurderast. Om ingen i odelsrekka er interesserte, bør ein vera open for at dei mange med interesse utafor næringa får sleppe til.
 
Det er positivt at vår nye landbruksminister snakkar opp behovet for rekruttering. Rekruttering kan ikkje behandlast isolert. Den store testen er om vi har ein politikk og ei utvikling som nye generasjonar trur på og er villige til å satse framtida på.
 
 
Eirik Stople