image description

 

At Mat- og landbruksministeren, få timar før framlegginga av jordbruket sitt forhandlingskrav, går ut i media (Dagens Næringsliv) og uttalar at ho i årets jordbruksoppgjer ikkje aktar å auka tilskota til bøndene frå dagens nivå, må i beste fall seiast å vera spesielt. Er uttalen eit arbeidsuhell eller skal den takast på alvor? Svaret får vi når staten legg fram sitt tilbod 5. mai.

Fredag 25. april la Bondelaget og Bonde og småbrukarlaget fram eit krav med ei rame på 1,5 milliardar kroner til årets jordbruksforhandlingar. Kravet skal finansierast med 965 millionar i auka budsjettoverføringar og 365 millionar i auka prisuttak på landbruksvarer, forutan 110 millionar frå auka jordbruksfrådrag og 60 millionar i såkalla ledige midlar.

– Vårt krav , om ei gjennomsnittleg inntektsauke på 35.000 kroner per årsverk, vil sørgja for at den positive inntektsutviklinga frå i fjor vil halda fram. Det beste verkemiddelet for å få nye og eksisterande bønder til å satse og investere for framtida, er å auka inntekta, seier bondelagsleiar, Nils Bjørke, i ei pressemelding frå Bondelaget.

I krav et ligg det inne ein auke i målpris for mjølk på 15 øre per liter. Det er ikkje krav om auke i målpris på svinekjøtt. For korn er det føreslått å auka målprisen med 17 øre per kilo. Som følgje av kravet ventar ein at kraftfôret blir om lag 4 øre dyrare per kilo.

Den overordna grunngjevinga for kravet er auka matproduksjon på norske ressursar, jfr. Regjeringa sitt mål om “høyest mulig sjølvforsyning av mat av beredskapshensyn”. Klimaendringar og sterkt aukande befolkning i verda er avgjerande argument for høgast mogeleg norsk sjølvforsyning av mat. Innrettinga av forhandlingsgrunnlaget legg til grunn at ein kan oppretthalde eit økonomisk drivverdig jordbruk over heile landet.

Vi har merka oss at Arbeiderpartiet arbeider aktivt for eit politisk fleirtal som kan demma opp for Listhaug sin landbrukspolitikk.
– Vi ønsker ro og forutsigbarhet i landbrukspolitikken og henvender oss derfor til Venstre og KrF. Håpet er å få til ett brett forankra forlik på Stortinget, seier Ap sin landbrukspolitiske talsmann, Knut Storberget, i ein kommentar til Norsk telegrambyrå.

Så langt har jordbruket sine representantar hatt ei konstruktiv haldning til å oppnå eit forhandlingsresultat med staten. Dei har støtta seg til Regjeringa sine målsettingar om auka inntekt, auka matproduksjon og landbruk over heile landet. Dei mange utspela frå Landbruksministeren om ulike verkemiddel for å nå måla, og ikkje minst uttalane i forkant av framlegging av forhandlingskravet, gir nå grunn til uro.

Om ikkje forhandlingane fører fram, må makt møtast med motmakt og då er det stortingsfleirtalet som avgjer.

 

Eirik Stople