image description

Sol, blå himmel og brunleg gras er eit av bileta me ser utanfor fjøsdøra i desse dagar. Lene Iren Rangen skriv i BvLoggen at ho rett og slett måtte ta seg ein regndans. Litt regn har me fått, men er det nok? Når det gjeld nedbør er me vane med vassmengder i bøtter og lass. Dei vêrkyndige oppsummerer sommaren på vestlandet som uvanleg tørr. Noko som fell i god jord hjå badeglade feriefolk. Bøndene tenker kanskje mest på avlinga. Spørsmålet om ei heitare verd kjem sigande inn med den lunka golfstraumen.
Varmen får oss til å forstå kva late sommardagar tyder. Somme må ta seg ein siesta, og andre finn vegen til skuggen. I bladet kan du lese om kor godt regnet i slutten av juli var for potetåkrane, og om draumevåren alle sauebønder har venta på. Problematikken kring tørke vert diskutert i begge artiklane. Tørråte og skurv kan øydelegge potetavlinga, medan tørke på heiabeite kan stagnere resultatet av den gode våren for sauebøndene. Likevel vert det konkludert med at sauebønder er gode til å takle utfordringar.
– Det er betre med litt for tørt vêr enn litt for vått, oppsummerer potetbøndene i Randaberg sesongen så langt.
Utfordringar vil me aldri gå tome for i landbruket. Ei næring som er avhengig av moderjord og vêrgudane må takle uforutsette problemstillingar på såande fot. I skrivande stund er ein duppert i vatnet det einaste som freistar, medan tankane vandrar til varmare strok. Dei fleste har nok fått beskjed frå mor si om å tenke på ungane som svelt i Afrika, om ikkje maten på tallerken forsvinn. Kanskskje denne taktikken ikkje er så dum. Mange er stressa over avlingar som stagnerer og beiter som tørkar ut i varmen, men det finst mange som har det verre. Det finst stader i verda der slitne føter traskar kilometervis med ei einsleg krukke vatn på hovudet, stader der sjøvatnet stig og jorda går under.
Lite kan samanliknast med ei speilblank vassflate. Roen senker seg. Ofte er menneske på utkikk etter vatn frå ei høgde. Kan hende er det eit godt lagra instinkt. Utan vatn overlever me ikkje, under vatn overlever me heller ikkje. Alt er ein balanse. Krinslaupet i naturen er me ein del av, og avhengige av. Samstundes har me byrja å tukle med bitane i puslespelet, og vil ha vår eigen vri på saker og ting. Me vil produsere mest mogleg mat, og pøser på med gjødsel. Dyra må vekse fort og produsere mykje, til det treng dei kraftfôr. Likevel kjem me aldri vekk frå det faktumet at naturen kjører sitt eige løp, og vil alltid ha fleire krefter enn menneska, same kor menge millionar me vert. Denne sommaren har me kjend på varmen og forstår verkeleg kor viktig vatn er for all eksistens. Kanskje vert nokon meir miljøbevisste av dette, og vil leve meir i takt enn utakt med naturen. Vêrvarslinga spår meir regn og lågare temperaturar. Så gløymer me kanskje spørsmålet som murrar i bakhovudet som ein irriterande mygg; er dette den globale oppvarminga?