Mennesket er ein enkel skapning. Sjølv etter nokre millionar års evolusjon og kulturell utvikling skal det ikkje meir til enn at nokon sklir på eit bananskal eller forskrevar seg mellom båtripa og bryggekanten før me ler høgt.

Bondevennens skribent Gudmund Edland fangar den menneskelege komikken i spalta «Ville sørvesten». Der fortel han historier om gardbrukaren som parkerte traktoren i fri, kvigene som hamna på hustaket og odelssonen som med laurdagspromille måtte ut å fanga rømte grisar.

Heldigvis ender dei ganske godt, (om ikkje alltid for dyra). Og fordi me kjenner oss att i andre sin toskeskap, tankeløyse eller overmot, får historiene oss til å le, til å hugsa – og å gjenfortelja. Før me veit ordet av det blir kvardagslege feiltrinn og småkatastrofar del av både gardshistoria og ein kompleks bonde- og bygdekultur; både som skrøner frå gamle dagar og til åtvaring om kor galt det kunne gått – og kan gå. For visst kan det gå vilt for seg på gardane, både i sørvest og elles. Og nokre gonger ender det ikkje godt. Somme gonger går det så dårleg at ein helst vil fortia og gløyme.

Men også dette må me skriva om. For ulukker, risikoåtferd og tragedie er diverre òg del av historiene og livet på gardane. Kombinasjonen av tungt fysisk arbeid, husdyr og maskineri utgjer ein konstant risiko for bondens helse og liv. Og uansett erfaring, utdanningsnivå – eller evna til å le av små mistak – så er menneskekroppen sårbar. Maskinar kan setja deg fast eller velta. Husdyra kan stanga eller klemma deg. På eit blunk kan historia ta ei brå vending.

Les Sjur Håland sin reportasje i dette bladet. Rune Hodne hadde aldri trudd at det kunne skje han, men så vart han plutseleg stanga ned og kvesta av ei ku. Heldigvis gjekk det bra. Og no er han meir årvaken. Men kunnskapen kom med ein farleg høg pris for den 17 år gamle avløysaren.

Dei morosame bondehistoriene må forteljast igjen og igjen. Dei held ved like kultur, tradisjon og samhald – noko som i sin tur kan skapa fleire og nye gilde historier. Parallelt må dei alvorstunge forteljingane repeterast jamleg, og til nye generasjonar. Vonleg gjer dei oss meir skjerpa. Vonleg byggjer dei ned eventuell ukultur. Og vonleg syter dei for at det blir stadig færre ulukker å rapportera om.

Bothild Å. Nordsletten